Regjeringa lettar på tiltaka

Regjeringa lettar på tiltaka, men ventar aukande smittetal framover.

Folkehelseinstituttet fastslår at omikron-varianten av koronaviruset gir mindre alvorleg sjukdom.

– Vi er no inne i ein ny fase av pandemien. Vi veit at omikron gir mindre alvorleg sjukdom og at sannsynlegheita for å bli innlagt på sjukehus er redusert. Dei siste fire vekene har over éin million nordmenn teke vaksine og tilgangen på hurtigtestar har auka. Vaksinane beskyttar veldig godt mot alvorleg sykdom, sa statsministeren under kveldens pressekonferanse.

  • Ein opnar no for servering av alkohol, men med skjenkestopp klokka 23.00.
  • Det er ikkje lenger forskriftsfesta nasjonalt tiltaksnivå på gult i barnehagar, barne- og ungdomsskular og SFO.
  • Det er ikkje lenger forskriftsfesta nasjonalt tiltaksnivå på raudt i videregåande skular.
  • Det blir endringar i TISK-strategien.

Pluss mykje meir som du kan lese om her.

Tiltaka gjeld frå midnatt natt til fredag 14. januar. Endringane knytt til barnehagar, skular og SFO gjeld frå midnatt natt til laurdag 15. januar. Tiltaka skal vurderast på nytt i starten av februar.