Reglar for innreise til Noreg

Pixabay   

Fullvaksinerte og personar som har gjennomgått koronasjukdom dei siste seks månadane får fritak for innreisekarantene om ein kan framvise eit norsk koronasertifikat.

Denne regelen er innført frå i dag 11. juni kl. 15.00.

Regjeringa frårådar framleis reiser til utlandet fram til 1. juli med tanke på risiko for importsmitte.

Reglane knytt til innreise (kven er fullvaksinerte, innreisekarantene, koronasertifikat, karantenehotell, innreiseskjema og gjenopning av Norge) finn du på Regjeringa.no.