Regnbueløva på ferie

Klikk for stort bilete Regnbueløva ynskjer reise på ferie den også, no når små og store i Leikanger barnehage tek sommarferie. 

Jammen bra eg har den fine kofferten min. No treng eg berre litt hjelp til å finne ut kva eg treng ta med meg.

Det er kjekt å få hjelp av dei minste borna på Bukkane bruse til å pakke. Ned i kofferten kom det kleskift, armringar i tilfelle løva skal bade litt, badekle og handkle, solkrem i tilfelle mykje sol, og det viktigaste...solbriller og solhatt :)

- Takk for hjelpa, no er eg klar. God og fin sommar til alle frå Regngueløva. Sjåast igjen i august :)