Reiseråd smittevern Herøy kommune

Klikk for stort bilete 

Dei lokale karantenereglane for Herøy gjekk ut 27.03.20 kl. 24:00 i samsvar med råd frå fylkesmannen. Dette gjer vi mellom anna  fordi vi no har fleire tilfelle av Covid-19 i kommunane på Søre Sunnmøre. Det viktige no er å avgrense smitteutbreiinga  lokalt, og å halde fast på og presisere dei  hygiene- og reiseråd som helsemyndigheitene gir.

Det vert difor presisert av smittevernoverlege Bjørn Martin Aasen:

  • Ved innreise frå utland gjeld nasjonale reglar om karantene i 14 dagar etter innreise
  • Fritidsreiser bør avgrensast til eit minimum, dette gjeld mellom anna reiser i samband med påskeferie
    • Hugs at du kan ta med deg smitte
    • Hugs at du kan verte smitta under reise
    • Hugs at du kan smitte dei du besøkjer
  • Arbeidsreiser og reiser for å utføre samfunnskritiske funksjonar kan gjennomførast, men det gjeld same hygieneråd ved slike reiser som elles
  • Personar som er i karantene som følgje av dei lokale karantenereglane for perioden 20. -27.03.20, kan avslutte karantenen. Hugs likevel på dei hygiene- og reiseråd som gjeld uansett.