Rettleiar i smittevern for 17.mai-komitéane

Med utgangspunkt i møtet med 17 mai-komitéane sist torsdag og regjeringa sit nye regeleverk som kom same dag, har smittevernoverlege, Bjørn Martin Aasen, laga ein praktisk rettleiar i smittevern for 17.mai-komitéane. 

Denne kan nyttast om ein finn det rett å lage til nokre mindre arrangement.

Regjeringa har fastsett reglar for samlingar inntil 50 personar gjeldande frå 07.05.20.

Les meir her.

Arrangementer med inntil 50 personer

Det er tillatt med arrangementer på offentlig sted for inntil 50 personer.

  • Dette vil gjelde der det er mulig å holde avstand på minst 1 meter mellom personer som ikke er i samme husstand.
  • Det gjelder bare arrangementer på offentlig sted med en ansvarlig arrangør som har oversikt over hvem som er til stede.
  • En ansvarlig arrangør er viktig for å sikre rask smittesporing hvis det skulle bli nødvendig, og for at noen skal være ansvarlig for at rådene om avstand og smittevern kan følges.
  • Arrangøren skal iverksette tiltak som bidrar til at syke ikke deltar på arrangementet og gjøre det mulig å ivareta hygiene. 
  • Ansatte eller oppdragstakere som står for gjennomføringen av arrangement på offentlig sted skal ikke regnes som en del av arrangementet. 
  • Med arrangement menes:
    • a) idrettsarrangement, inkludert stevne, cup og kamp, men ikke organisert idrettsaktivitet i form av trening. 
      b) kulturarrangement, inkludert konsert, utstillingsåpninger, opera, ballett, teater og kino. 
      c) andre arrangementer, inkludert seminarer, bursdager, bryllup, begravelser, religiøse samlinger og lignende.
  • Med offentlig sted menes et sted bestemt for alminnelig ferdsel eller et sted der allmennheten ferdes. 

Arrangementer med 51–499 personer

Inntil videre er arrangementer med 51 eller flere personer forbudt. 

Arrangementer med flere enn 500 personer

Alle kultur- og idrettsarrangementer med mer enn 500 personer er forbudt fram til og med 31. august 2020.

Det er mange praktiske spørsmål som melder seg når slike arrangement skal gjennomførast.

Det er difor laga nokre presiseringar som kan vere til nytte for arrangørar slik at godt smittevern kan ivaretakast:

  1. Arrangementet skal vere på offentlege stad. Det betyr rådhus, kultur- og grendahus, konserthus, kino, bedehus, forsamlingslokaler, skular, offentlege uteplassar osv.
  2. Det skal vere ein namngjeven ansvarleg arrangør.
  3. Det skal vere skriftleg oversyn over kven som har vore til stades på arrangementet, og dette skal vere tilgjengeleg i inntil 2 veker dersom det oppstår smitte som må sporast mellom dei som var til stades. Arrangøren er ansvarleg for det.
  4. Dei som er arrangørar vert ikkje rekna inn i talet på deltakarar.
  5. Det skal vere 1 meter avstand mellom deltakarane. Dei som tilhøyrer same hustand/bur saman kan sitte saman.
  6. Er arrangementet inne, skal lokalet reingjerast før og etter bruk. Det skal leggast vekt på godt overflatereinhald og godt og hyppig reinhald av toalett for å unngå kontaktsmitte.
  7. Personar med forkjølingssymptom/luftvegsinfeksjonar skal ikkje delta. Du skal ha vore frisk i minst eit døgn etter førkjøling/luftvegsinfeksjon før du kan delta.
  8. Alle som deltek skal utføre god handvask/eventuelt spritvask før dei går inn i lokalet/på området, og når dei forlet lokalet/området.
  9. Det er forbode å servere mat frå sjølvbetening/buffet/fat som vert sendt rundt. Mat skal vere anretta på tallerken til den einskilde. Is og brus kan selgast frå eiga bod. Pølser/mår kan selgast når ei person lagar til og serverer. Sennep og ketchupflasker skal ikkje stå framme, men handterast av den som serverer pølsene.
  10. Kaffikanner skal ikkje sirkulere på borda, kaffi skal serverast frå ei kanne av ein person pr. kanne.
  11. Ved sal/innsamling skal det ikkje nyttast kontantar, kun VIPPS eller anna kontantfri betaling. Det skal ikkje sendast rundt loddbøker. Berre ein person kan skrive i ei bok.

Dersom desse reglane vert følgde, sikrar de godt smittevern for alle som deltek.