Rosar innbyggarane etter oppsving i influensavaksinering

Smilande tilsette ved helsestasjonen - Klikk for stort bileteDei tilsette ved helsestasjonen i Herøy, som har stått for massevaksineringa. – Det er kjekt å høyre frå mange tilsette at det har vore ei god oppleving å gjennomføre dette, seier Janita W. Remøy, leiande helsesjukepleiar. Svein Arne Orvik

Langt fleire herøyværingar tok influensavaksine i 2022 enn året før. Helsestasjonen gleder seg stort over oppmøtet og samarbeidet med sanitetskvinnene om å gjere massevaksineringa til ei hyggestund.

– I 2022 tok vi opp att tradisjonen med å ha influensavaksinering på Sanitetshuset, og folk kunne kome utan å ha bestilt time. Det trur eg er viktige forklaringar på auken i oppmøtet. Eg trur også at koronapandemien har gjort folk meir bevisste på det å ta vaksinar for å beskytte seg sjølv og andre, seier Janita W. Remøy, leiande helsesjukepleiar i Herøy.

Innbyggarane kunne i 2022 få influensavaksine enten på Sanitetshuset, der helsestasjonen arrangerte massevaksinering tre dagar, eller hos fastlegen sin. Det fleste nytta tilbodet på Sanitetshuset.

Nålestikk og kakestykke

– Den første dagen kom det aller flest, heile 450 personar. Alle frå helsestasjonen var til stades for å sette vaksiner, for vi forventa stort trykk. Sanitetskvinnene stilte opp med kaffi, vaflar, kake og loddsal til gode formål, seier Remøy.

Ho skildrar massevaksineringa som ei god oppleving, både for dei som kom for å få vaksine, for dei tilsette i helse- og omsorgstenesta og for sanitetskvinnene.

– Folk fekk seg både eit nålestikk og eit kakestykke. Vi såg at veldig mange gledde seg over å få møte att gamle kjende. Folk fekk høve til å bli sittande og ta ein god prat. Vi ville at det skulle vere hyggeleg. Og vi ønskte å spele på at dei eldre i Herøy frå tidlegare har vore vande med å kunne kome på nettopp ein slik dag, seier Remøy.

62,7 prosent av eldre tok vaksine

I 2021 tok berre 49,7 prosent av herøyværingane over 65 år influensavaksine. I 2022 var målet å passere 60 prosent.

No viser fasiten at 62,7 prosent sikra seg vaksine i løpet av 2022. Vaksineringa har spart både sjukedagar, innlegging på sjukehus og kanskje dødsfall, slår helse- og omsorgstenesta i kommunen fast.

– Til alle som møtte fram vil eg seie tusen takk for at de kom og tok vaksine for å beskytte dykk sjølve og dei rundt dykk. Og eg vil takke alle tilsette som står i dette arbeidet og må prioritere vaksinering i tillegg til mange andre store oppgåver, seier Janita W. Remøy.

– Vi leigde også inn to pensjonistar som tidlegare har jobba på helsestasjonen, Oddrun Frantzen Strand og Kari Elsebø. Dei har vore til stor hjelp under massevaksineringa, seier Remøy.

Framleis vaksine å få

Dei fleste som har fått influensavaksine er eldre over 65 år. Men også vaksne og nokre barn har blitt vaksinerte. Remøy opplyser at det framleis er mogleg å få vaksine, både mot influensa og mot koronasjukdom.

– Sesongen er ikkje over. Her er framleis vaksine å få. Det er berre å ta kontakt med fastlegen. Og når det gjeld barn i risikogruppene, kan foreldra ta direkte kontakt med den faste helsesjukepleiaren dei har på helsestasjonen, seier Remøy.

Janita W. Remøy viser fram ein influensavaksine på nasespray. - Klikk for stort bileteJanita W. Remøy viser fram ein influensavaksine på nasespray, som er eit tilbod til barn i risikogruppene. Svein Arne Orvik