Rosarussen i Myrsnipa barnehage på tur med Anna Olava

Klikk for stort bilete

 

Rosarussen i Myrsnipa på tur til Borgarøya med Anna Olava

Idag, torsdag 6.juni, var nok ein minnerik dag for Rosarussen. Dei fekk vere med på tokt med Anna Olava. Båten la til kai i Myrvågneset, og der fekk ein vi hjarteleg velkomst av mannskapet Hans Lennart Sævik, Eileen Gjerde og Tor Sindre Steinsvik.
Så gjekk turen i strålande solskinn til Borgarøya. Anna Olava er stor, fin og trygg båt fr barnehagebarn. Borna fekk bevege seg fritt undervegs, nokre framme i bauen, nokre rundt om og andre ville styre ilag med Eileen.
På Borgarøya gjekk vi iland, og inspiserte hovudhuset, leika i hagen og åt nista vår. Så fekk alle fiske frå Anna Olava - ingen fisk, men pytt, pytt:)

Turen tilbake gjekk like fint. For ein dag vi har hatt!

Vi takkar for turen  Takk til Hans Lennart, Eileen og Tor Sindre :)

Ein slik tur anbefalar vi på det varmaste!

Vi kjem att med ny Rosarussegjeng til neste vår!

Reidun Myrvågnes