Rosarussen i Myrsnipa på tur med Anna Olava


Klikk for stort bileteVi går ombord i Anna Olava i Skytteneset i Myrvågneset. Bygdafolk møter opp og vinkar oss avgarde, og alt ligg til rette for ein fantastisk tur.

Dei 12 førskuleborna fekk ein flott tur med Anna Olava på torsdag 3.juni. Vi fekk låne kaia til Per Gudmund Myrvågnes, så det var lett å stige ombord for alle.

Det er blitt tradisjon for Rosarussen i Myrsnipa å ha ein tur med Anna Olava før sommarferien. Kvart år har vi hatt like fint ver, men varmen denne dagen slår alle rekordar. Det er kjekt å vere i ein så stor og trygg båt, og borna kan røre seg fritt undervegs. Mange likte å sitte forut og dei meinte dei såg både hai og kval....

På Borgarøya åt vi nista vår, og leika oss i tunet. 

Turen heimatt var like kjekk.
Vi kosa oss alle, og takkar mannskapet med Eileen Gjerde i spissen, for ein super tur.