Samhandling for betre byggesøknadar

Ole Magne Rotevatn og Frank Robert Stenersen ved utviklingsavdelinga i Herøy kommune. Iselin Nevstad Øvrelid Herøy kommune aukar fokuset på tilfeldige tilsyn. Med det kan ein oppdage og følgje opp brot på byggereglane i enda større grad enn tidlegare.

Tilsyn har ikkje som mål å finne brot på lover og forskrifter

Gjennom byggesakhandsaming skal Herøy kommune sikre gode bygg for alle.

Plan- og bygningslova med tilhøyrande forskrifter er verkty for å nå dette målet.

Styresmaktene meiner ein i større grad skal drive tillitsbasert handsaming i byggesakshandsaminga. Dette er eit grep som skal sikre at kommunane får frigjort meir tid til å føre tilsyn. Med tillitsbasert handsaming meiner ein at det er søkar og utførande som har ansvar for at tiltaka vert utført etter gjeldande lovar og reglar. Kommunen kan, dersom ein ønskjer å gå inn med tilsyn i enkeltsaker, kontrollere at ting vert gjort rett.

- Tilsyn skal vere eit bidrag til å sikre god kvalitet på det som vert bygt. Det er tilfeldig kven som får tilsyn, men det er også ein måte å sikre at det vert bygd gode bygg – i samspel mellom bygningsmynde i kommunen og aktørane, seier avdelingsleiar for utvikling, Ole Magne Rotevatn.

Korleis skjer eit tilsyn?

Kommunen skal kontrollerer at dei ansvarlege i byggeprosjekta følger byggeløyvet og lovverket. Tilsyn kan førast mot alle i ei byggesak. Det kan vere ansvarleg søkjar, prosjekterande og utførande. Dette skal skje gjennom ein stikkprøvekontroll. Tilsynet har ikkje som mål å finne brot på reglar å forskrifter, men eit slikt tilsyn kan avdekke brot på reglane. Eit  tilsyn blir stort sett varslet på førehand og det vert avslutta med ein rapport.

- Vi vil ta utgangspunkt i dei prioriterte tilsynsområda som departementet har kome med, men kvar enkelt kommune må finne sine område.  Herøy , som er ein kommune med mykje kyst, vil det vere naturleg at ein vil sjå på tiltak i og nær strandsona - som naust, rorbuer og flytebrygger, seier Frank Robert Stenersen som er fagansvarleg for byggesak.

Kva skjer dersom ein finn brot på byggereglane?

Kommunen som plan- og bygningsmynde er pliktig til å gå vidare med brot på byggereglane, anten om det skjer via tilsyn eller gjennom tips frå publikum. Små avvik treng ikkje om å bli følgt opp, men andre brot på lover og forskrifter fører ofte til  pålegg om retting av dei ulovlege forholda, pålegg om stans av arbeid, pålegg om opphøyr av bruk og/eller overtredingsgebyr. Det er ei bot som kommunen som plan- og bygningsmynde kan gi til dei som er ansvarlege for brot på lova. Pålegg kan supplerast med tvangsmulkt i form av eingongsbeløp og/eller dagbøter for å sikre at pålegg vert følgt. Denne prosessen vert kalla ulovlegheitsoppfølging.

Kven gjeld plan- og bygningslova for?

Herøy kommune har eit ansvar for at både privatpersonar og profesjonelle aktørar følgjer i plan- og bygningslova.

- Utviklingsavdelinga registrerer at vi i det siste har hatt fleire saker der den profesjonelle part ikkje sjekkar opp om det ligg føre løyve til det som dei tenker å gjennomføre. Vi vil derfor minne om at plan- og bygningslova gjeld for alle, avsluttar Ole Magne Rotevatn.