Samla nei om å tilby Janssen-vaksinen

Ingen legar ved Myrvåg legesenter eller Herøy legesenter tilbyr Janssen-vaksinen til sine pasientar.

Legane ved kommunen sine to legesenter har i dag 14.06.21 informert om at dei ut frå ei sjølvstendig fagleg vurdering ikkje tilbyr Janssen-vaksinen mot covid-19, og at dei oppmodar befolkinga å følgje det nasjonale vaksinasjonsprogrammet i samsvar med faglege råd frå FHI og Helsedirektoratet.

Regjeringa har vedtatt at Janssen-vaksinen skal tilbys utanfor koronavaksinasjonsprogrammet. Frå 15. juni kan ein bestille time for vurdering hos private legar, vaksinasjonsklinikkar og enkelte fastlegar som tilbyr vaksinen.

Les meir om det på regjeringa.no.