Samling om overgong barnehage/skule

Klikk for stort bilete

Onsdag 6. mars møttest  pedagogar i skule og barnehage for å vere i dialog om korleis få til ein god overgang frå barnehage til skule for 5-6 åringane. Samlinga var på Einedalen skule.

Oddhild Djupvik Aas frå Leikanger barnehage og Bodil Kopperstad frå Gnist barnehager Myklebust hadde kvart sitt spennande innlegg om korleis dei jobba med 5-6 åringane siste året i barnehagen for å gi dei den beste ballasten vidare.

 Henny Dragnes frå Stokksund skule fortalde om korleis ho legg opp undervisninga i 1.klasse både fagleg og sosialt slik at elevane kjenner tryggleik samstundes som dei lærer og utviklar seg.

Veldig spennande å høyre på alle tre.

Grete Dalhaug Berg, leiar på PPT i Herøy hadde eit fagleg innlegg om korleis ein kan legge til rette for læring og utvikling på ein god måte i 1. klasse. Ho var m.a innom korleis ein kan greie flette inn leik i løpet av skuledagen, korleis få til «Vikjensla», førebuing om kva skulen i dag er for barn og føresette, viktigheita av at barnet/eleven kjenner seg likt av læraren, godt klassemiljø og dette med at vaksne har inkluderande haldningar slik at barn og elevar og lærer det. Elles hadde ho mange tips om gode fagartiklar å lese. Veldig lærerikt og nyttig innlegg .

Etter desse innlegga var det dialog og drøfting i grupper på tvers av barnehage og skule med oppsummering i plenum.

Nokre av tilbakemeldingane var at dette var ei nyttig samling som vi bør arrangere oftare enn vi gjer i dag. Nokre hadde i løpet av gruppearbeidet avtalt å kome på besøk til kvarandre for å sjå korleis pedagogen i barnehage jobbar og korleis 1. klasselæraren jobbar i klasseromet. Alle fekk tips om gode ting å gjere til barns beste både i barnehage og skule.