Samtalar mellom formannskapa i Herøy og Ulstein i morgon

Klikk for stort bileteKommunevåpena til Herøy og Ulstein Den politiske og administrative leiinga i Ulstein og Herøy møtest 4. februar. Organiseringa av det politiske arbeidet og av helse- og omsorgstenestene er noko av det dei skal diskutere. 

Moglege nye samarbeid mellom dei to kommunane står også på dagsordenen. Møtet går av stabelen på Ulstein rådhus. Formannskapa og leiinga i administrasjonen i dei to kommunen deltek. 

 Program for dagen:

09.00  Opning 

  • Velkomen v/ ordførar i Ulstein Knut Erik Engh
  • Bakgrunn for møtet v/ ordførar i Herøy Bjørn Prytz
  • Presentasjon av den enkelte 

09.10  Politisk organisering i Ulstein

 
v/ ordførar Knut Erik Engh 

  • Utvalsstruktur
  • Politisk-administrativt leiarforum (PAL) – kva er det?
  • Stormøte
  • Open talarstol og spørjetime
  • Årlege folkemøter i krinsane
  • Herøy si ordning med ordførarens kvarter v/ ordførar i Herøy Bjørn Prytz 

 09.30  Pleie og omsorg

  • Demografisk utvikling i Herøy og Ulstein (kommunestatistikk)
  • Organisering og struktur i Ulstein v/ kommunalsjef i Ulstein Marit Botnen
  • Organisering og struktur i Herøy v/ kommunalsjef i Herøy Renathe Rossi-Kaldhol
  • Har vi noko å lære av kvarandre?

 10.30  Pause 
 
 

10.50  Interkommunale samarbeid framover? 

  • Brannvern v/ rådmann i Herøy Olaus Jon Kopperstad og kommunalsjef i Ulstein Arne Runar Vik 
  • Legevaktsamarbeid (status og vegen vidare) 
  • Stabsfunksjonar (løn, rekneskap, arkiv etc.) – kan vi samarbeide meir om dette? 
  • Andre område? 

 

11.50 Oppsummering

  • Gav møtet meining?
  • Bør vi møtast på nytt, og så fall når?
  • Kva bør i så fall endrast?