- Særs stor utfordring

Klikk for stort bileteFagarbeidar og brannkonstabel Stig Berge og Tore Langvatn frå Herøy Brann og redning før avreise
Brannmannskap frå Herøy, Ørsta, Stranda og Ålesund via Sunnmøre IUA skal til Vågå for å legge ut lenser. Oppdraget kjem frå Interkommunalt utval mot akutt forureining i innlandet.
Tekst: Thomas Teige Sporsheim
 
Etter flaumen i Skjåk har 20.000 kubikkmeter glasopor forsvunne i Ottaelva. Store mengder glasopor (også kalla skumglas) har samla seg langs Ottavassdraget og Vågåvatnet. Det er framstilt av reint returglas og kommunane Skjåk, Lom og Vågå er råka av utsleppet frå bedrifta Glasopor AS i Bismo. Dette vert den lengste utrykkinga som brannmann Tore Langvatn frå Herøy har vore med på.
 
- Vi skal legge ut lenser i Vågåvatnet for å stoppe glasopor og anna bygningsavfall før det går i Mjøsa og vidare sørover, seier Langvatn som er konstituert brannsjef / leiar Beredskap Herøy Brann og redning.

 
Omfattande forsøpling

Det er eit omfattande forsøplingsproblem som vil vere visuelt skjemmande på berørte områder som i strandsone, flomutsatte areal og delvis på jordbruksareal langs Ottavassdraget og Vågåvatnet.
 
- Grunnen til at vi er med er vel fordi innlandet ikkje har nok utstyr, erfaring og utdanning i bruken av det, naturleg nok. Vi har sett når vi har køyrd nedover at det ligg plast og alt anna søppel i kantane her og vatnet er høgt. Kystverket er også på veg med utstyr. Det er ei særs stor utfordring, avsluttar Langvatn.
 
Klikk for stort bileteReparerer vegen i Skjåk