Satsar på klarspråk i eige forum

Frå venstre: Brit-Synnøve Torvik, Iselin Nevstad Øvrelid, Ane Malene Søvik Nygård og Gro-Anette Frøystad Voldsund. Regine Frøystad  Frå 23. mai er vi i gang med klarspråkforum i Herøy kommune. 

Den nye språklova seier at vi som kommune er pliktige til å sikre eit klart og korrekt språk tilpassa målgrupper. Dette tek Herøy kommune på alvor. Klarspråkforumet er forankra i kommunedirektøren si leiargruppe.

Klarspråkforumet skal sikre struktur og klarspråk før politisk handsaming av planar og andre strategidokument.

Til hjelp og nytte

Forumet skal vere til hjelp for dei som skal til å arbeide med planarbeid, eller er undervegs i arbeidet. I dei månadlege møta kan tilsette få råd og hjelp til oppbygging av tekst, struktur og layout. Ein kan gjerne møte fleire gongar for å få råd og tilbakemeldingar i prosessen fram til eit ferdig produkt.

Målet er at alle planar og strategidokument skal ha vore innom klarspråkforumet minst éin gong før det går til politisk handsaming. Kommunedirektøren kan sende saker tilbake for gjennomgang i forumet dersom dette ikkje er gjort. Det handlar om at alle skal vere medvitne om språk og struktur i det ein skriv.

- Klarspråk handlar ikkje berre om korrekturlesing. Det handlar om det heilskaplege uttrykket og forståinga av ein tekst. Vi skal skrive for at innbyggjarane våre skal lese planane våre. Det sikrar betre medverknad og tilgjengelegheit. Det ansvaret vi har for å sikre eit klart og korrekt språk, tek vi på alvor, seier Iselin Nevstad Øvrelid, kommunikasjonssjef i Herøy kommune.

Desse er med i klarspråkforumet:

  • Gro-Anette Frøystad Voldsund (helse og omsorg)
  • Brit-Synnøve Torvik (kultur og oppvekst)
  • Ane Malene Søvik Nygård (samfunnsutvikling)
  • Iselin Nevstad Øvrelid (verksemdstyring)

Møtedatoar for forumet finn tilsette på intranett.

Har du lyst å lese meir om klarspråk? Språkrådet har gode nettsider om det.