Sceneparken i Fosnavåg sentrum

Ønskjer du meir informasjon om det planlagde park-/leikeområdet i sentrum av Fosnavåg? Her får du svar på ein del av spørsmåla som kommunen har fått om prosjektet.

Kven har kome med innspel til planane?

Desse har kome med innspel til planane, og her kan du lese innspela:

Kven fleire skal uttale seg?

Desse har fått saka til høyring:

  • Maritim Teknisk Utval
  • Helse og omsorgsutvalet
  • Råd for funksjonshemma
  • Eldrerådet
  • Barnerepresentanten

Kven driv med sentrumsutvikling i Herøy kommune?

Formannskapet er styringsgruppe for byutviklingsarbeidet i kommunen. Kommunestyret har vedtatt at plassen skal vere park-/leikeområde og ikkje parkering. Området var omregulert frå parkering til park/leik i 2018. Når det gjeld planarbeid er det administrativt rådmannen og utviklingsavdelinga si planavdeling som er ansvarleg for å gjennomføre politiske vedtak. Planavdelinga har ein eigen prosjektleiar for byutviklingsprosjektet. Anleggs- og driftsavdelinga har prosjektleiinga i utbyggingsfasen og eigedomsavdelinga har vedlikehaldsansvar for kommunal eigedom, med mindre anna er avtalt. Kommunen har mange samarbeidspartnarar i byutviklingsprosjektet: Framtidens bygder, Bylivsenteret, fylkeskommunen og rådgjevande arkitektar.

Kva er namnet på prosjektet? Solparken eller sceneparken?

Dei første skissene hadde prosjektnamnet Solparken. Solparken vart for kostbar for oss å realisere, difor er prosjektet no teikna om og ein har kalla prosjektet i dei nye skissene for sceneparken fordi ei fleirbruksscene står sentralt og er eit viktig element i parkområdet. Fleire kulturaktørar har kome med innspel om at ei scene vil vere eit viktig bidrag til kulturlivet og korleis scena bør utformast.

Kven har teikna skissene for sceneparken?

NorConsult har teikna sceneparken i samråd med kommunen. Prosjektleiar for byutviklingsprosjektet har koordinert arbeidet med sikte på å oppfylle intensjonane i kommuneplanen og ta med innspel frå befolkninga som har kome gjennom mange ulike tettstadprosjekt som kommunen har gjennomført siste 10-15 åra.

Kvifor utandørs møteplass i sentrum?

Sentrumsutvikling og barn/ungdom er to av fem satsingsområde i kommuneplanen. Kommuneplanen er vedtatt av kommunestyret og er kommunen sitt øverste planverkty for langsiktig planlegging. Kommuneplanen var sist vedtatt i 2013 og gjeld fram til 2025. Å utvikle sentrum med møtestader for opphald, leik og rekreasjon er eit viktig mål i kommuneplanen. For å vite kva vi bør satse på har kommunen gjennomført tettstadanalyse og eit byutviklingsprosjekt (parallelloppdrag) som har enda i ein sentrumsvisjon. Denne sentrumsvisjonen trekk fram fire viktige område som kommunen bør utvikle. Dette området er eitt av dei og er sett på som det viktigaste byrommet for ein møtestad i Fosnavåg. Området har gode soltilhøve og er skjerma for vind og ver i større grad enn andre område i byen.

Kva kjem sceneparken til å koste og kven skal betale?

Prosjektet er kostnadsrekna til 18,4 millionar kroner (eks mva). Det er forutsett ei tredeling av kostnadane mellom kommunen/RDA-midlar, fylkeskommunen og støtteordningar for spelemidlar/privat næringsliv. Fylkeskommunen arbeider for å utvikle livskraftige og attraktive byar og tettstadar og er koordinator for tettstadprosjektet. Fylket er samarbeidspartnar for kommunane sitt arbeid med tettstadutvikling. Fylket har nylig løyvd 1/3 av beløpet til parken. Kommunen har avsett midlar til byutvikling. Ilag med RDA-midlar vil kommunen trenge oppfinansiering til totalt 6,14 millionar kroner. Det er då ein føresetnad at den siste tredjedelen med støtte kjem på plass (spelemidlar og andre søknadsordningar).

Kva med kostnadane med meirverdiavgifta?

Om kommunestyret vedtek at alle kan nytte scena og ein ikkje bereknar seg leige for bruken så får ein momskompensasjon. Om ein tek betalt for 10 % av arrangementa får kommunen refundert 90 % av mva. Dersom utleiga er mindre enn 5 %  får kommunen også refundert alt. Plassen er i utgangspunktet lagt opp til å vere eit offentleg, ope parkområde og ikkje del av eit kommersielt anlegg. 

Kvifor arbeider administrasjonen vidare med eit prosjekt som politikarane har skrinlagt?

Når tilbodet på Solparken kom og det viste seg at det vart altfor dyrt, så avlyste Formannskapet anbodet (formannskapet er styringsgruppe for byutviklingsarbeidet). Det er i tråd med vanleg praksis å avlyse når ein ikkje får det ein har bestilt til rett pris. For å undersøke om ein kan få realisert tiltaket i tråd med intensjonane i kommuneplanen og i tråd med den vedtatte omreguleringa, så har administrasjonen arbeidd for å få ned kostnaden og for å få oppjustert finansieringa. Dette som eit ledd i framlegging av ny sak til behandling i kommunestyret. Det følgjer av kommunelova at saker skal vere skikkeleg utgreidde før handsaming. Det som var skrinlagt i Formannskapet var altså anbodet kommunen fekk inn til Solparken, ikkje planane om å realisere byutviklingsprosjektet. Med bakgrunn i avlysinga skulle rådmannen seinare fremje ny sak for formannskapet. I orienteringa til formannskapet 12.02.2019 går det fram følgjande: «Ein vil no ta ein ny gjennomgang av Solparken, også i forhold til Møre og Romsdal fylkeskommune, som er delaktig i byutviklingsprosjektet i Fosnavåg og dermed ein viktig bidragsytar. Ein vil no revidere omfanget/innhaldet, for å sjå kva som må endrast for å realisere prosjektet innanfor vedtatt budsjett». Budsjettert eigenandel for kommunen/RDA-midlar er no lågare enn det som var budsjettert for Solparken. 

Kvifor skal kommunen velje å bygge ut sceneparken i staden for andre tiltak?

I kommuneplanen vår har vi vedteke å satse på ei heilskapleg sentrumsutvikling. Det tyder at kommunen tek sikte på å gjennomføre mange tiltak i sentrum, ikkje berre eitt eller to. Klatreparken er no fullfinansiert og vil bli ferdigstilt i løpet av året. Parken i sentrum har vore planlagt og arbeidd med i tre år og med positivt vedtak om realisering på kommunestyret i juni, så vil parken kunne realiserast i 2021 (atterhald om fullfinansiering). Dei andre tiltaka i sentrumsvisjonen har enda litt planlegging att og her må også finansiering på plass før realisering. Byutviklingsarbeidet består av fleire prosjekt og fleire faser og er del av ei langsiktig og strategisk planlegging. Det er altså ikkje anten eller, men både og, dersom ein skal gjennomføre sentrumsvisjonen.

Kvifor er det så viktig å få bygd park i sentrum, er det ikkje viktigare med parkering?

For å skape eit meir attraktivt sentrum er det viktig også med gode sosiale møtestader for folk i alle aldre. Når veret er godt er denne plassen ein lun og solrik stad. Ein attraktiv vasspegel, eit leikeområde, mange gode sitjeplassar og ei takoverbygd scene vil kunne gi sentrum eit byrom som er innbydande og som har kvalitetar for både innbyggjarar og besøkande. Parkeringsanalysen frå november 2016 viser at her er mange unytta parkeringsplassar. Då kommunestyret vedtok å gjere denne staden om frå parkering til park-/leikeområde vart områdets kvalitetar som opphaldsområde vektlagt sterkare enn behovet for parkeringsplassar. Det vart også vist til at vi har parkeringsplassar som nesten ikkje blir nytta berre litt lenger vekk.

Trengs det ein park til når klatreparken akkurat er bygd ut? 

I byutviklingsprosjektet er det valt ut fire forskjellige område som alle bør utviklast og gjerast meir attraktive. Sentrumsvisjonen legg opp til å fullføre alle fire. To av områda er desse to parkområda. Parkane er ulike på fleire måtar og stettar ulike behov. Fosnavågparken/klatreparken ligg i randsona av sentrum og er eit større grøntområde. Her er lagt til rette for grilling (grillhytta) og leik av ulik art. Grøntareala skal vere opne og tilgjengeleg for ulik aktivitet som t.d. fotball, badmington, volleyball, frisbee eller crocket. Her vil kunne vere støyande aktivitet, men dekket (gras) og arronderinga av området vil absorbere mykje lyd. Her er bobilparkering, toalett og drikkevassfontene. Det er planlagt bocciabane (Handikaplaget har søkt om støtte til utbygging) og ein gapahuk er under bygging (elevar ved bygglinja ved Herøy vidaregåande skule). Prosjektet i Fosnavågparken er no i sluttfasen og alle tiltak som er planlagt er oppfinansisert og under realisering. 

Parken i sentrum er av ein annan art. Den ligg midt i sentrum, mellom butikkane. Her er umiddelbar nærleik til butikkar som sel mat og drikke. Det vil vere enkelt å kjøpe seg noko og sette seg i parken og spise. Området er på 1,6 mål og er avgrensa av husveggar på tre av sidene. Det vil kunne gi akustikk, difor er denne parken planlagt med hovudsakleg interesseleik som gir lite støy. Vassrenner, hoppesteinar og gullgraving er spanande og gir gode muligheiter for naturleg sosial interaksjon (samtale) mellom deltakarane. Leik og læring er sentrale element i sceneparken. Scena vert ein lavterskel arena for framføring av ulike slag kunst og kultur. Scena kan riggast som sitjeplass under tak når scena ikkje er i bruk.

Blir her gratis wifi?

Herøy kommune har motteke 15 000 Euro frå wifi4EU til utbygging av eit gratis, høgstandard og  høgsikkerheits nettverk for wifi i parken. Midlane vart innvilga tidleg i 2019 og må nyttast innan februar 2021. 

Kven skal sceneparken vere for?

Kort sagt skal sceneparken vere attraktiv for ALLE. Parken er designa med tanke på at alle aldersgrupper skal kunne føle seg velkomne her. Barn, unge, middelaldrande og dei eldre. Vi håper plassen vil bli ein god arena nettopp for interaksjon mellom dei ulike aldersgruppene og at staden kan vere stad vi møtast trass i ulikskapar som alder, kjønn, yrke, religion, funksjonshemmingar mm. I planlegginga av parken har dei seks gjennomgåande perspektiva frå kommuneplanen stått i høgsetet:

  • Universell utforming
  • Folkehelse
  • Barn og unge
  • Likestilling
  • Verdiskaping
  • Miljø og klima

Har du fleire spørsmål om byutviklingsprosjektet?

Send inn spørsmål her.

Har du lyst til å kome med innspel til planane?

Send inn innspel til postmottak@heroy.kommune.no

Frist: 20.05.20.

Har du lyst å lese meir?

 
Her kan du lese ein tidlegare artikkel om Solparken. Her får du også ein del informasjon om kva som ligg bak prosjektet.
 
Andre aktuelle lenker til dokument og artiklar om Herøy kommune sitt byutviklingsarbeid: