I desember skal kommunestyret vedta handlings- og økonomiplanen til kommunen.
15. november behandla formannskapet forslaget som kommunedirektøren hadde lagt fram i saka. Formannskapet vedtok då ei innstilling som er til offentleg ettersyn (høyring) i 14 dagar.
Les planen og gi høyringsinnspel
Her kan du lese innstillinga til handlings- og økonomiplan for 2023–2026 som formannskapet har lagt ut på høyring.
Du kan sende innspel i skjemaet som du finn her. Du kan også sende innspel i posten (adressa ser du nedst på sida).
Innspela blir lagt fram for formannskapet.
Frist: Vi må ha mottatt innspela dine seinast 29. november kl. 12.
For første gong er handlings- og økonomiplanen laga i det digitale verktøyet Framsikt. Det gjer at du enklare kan studere planen på pc, nettbrett eller mobil.
Kva inneheld innstillinga som er på høyring?
I handlings- og økonomiplanen for 2023–2026 finn du blant anna
- eit budsjett for det neste året
- ein fireårig økonomiplan
- ei prioritering av tiltak for dei komande åra
- ein tiårig investeringsplan
- eit klimabudsjett
Følg prosessen
Slik er gangen i arbeidet med handlings- og økonomiplanen:
- Først la kommunedirektøren fram sitt forslag til handlings- og økonomiplan.
- Forslaget frå kommunedirektøren blei behandla av formannskapet første gongen 8. november.
- 15. november behandla formannskapet forslaget på nytt og vedtok denne innstillinga som ligg ute til høyring fram til 29. november kl. 12. Alle innbyggarar er velkomne til å uttale seg i høyringa.
- I perioden 21.–29. november behandlar dei politiske utvala og råda i kommunen forslaget.
- Formannskapet kjem 29. november med si innstilling som skal til kommunestyret. I formannskapsmøtet den dagen blir høyringsuttalane handsama.
- Til sist vedtek kommunestyret handlings- og økonomiplanen i møtet den 8. desember.