Sikre deg influensavaksine hos fastlegen

Ein person får vaksinesprøyte - Klikk for stort bileteVaksine reduserer risikoen for alvorleg sjukdom eller innlegging på sjukehus. Mostphotos

Halvparten av herøyværingane over 65 år har så langt tatt influensavaksine i haust. – Det er svært gledeleg. Endå fleire bør no skaffe seg vaksine hos legen sin, seier kommuneoverlegen. 

– Det er ekstra viktig å ta vaksine sidan vi nærmar oss jul. Sidan det er ei tid då mange treffest meir enn elles, kan smitten lettare breie seg. Det er allereie påvist tilfelle av influensa i Herøy, sjølv om vi ikkje har starta på den ordentlege influensasesongen enno. Og på sjukehusa stig no talet på personar som blir lagde inn med alvorleg influensasjukdom, seier kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen. 

Rosar innbyggarane: – Gir mindre risiko 

Kommuneoverlegen er glad for at så mange herøyværingar allereie har teke vaksinen. 

– Av dei nær 1600 som har fått influensavaksine i haust, er det 1012 personar over 65 år. Det er nesten 55 prosent av alle i denne aldersgruppa. Dei som har tatt vaksinen, har mindre risiko for å bli alvorleg sjuke eller lagde inn på sjukehus på grunn av influensa i vinter, slår Aasen fast. 

– Kontakt fastlegen og be om vaksine

Dei som ikkje har hatt høve til å ta influensavaksinen enno, kan få den hos fastlegane og legekontora framover i vinter. Tek du kontakt med fastlegekontoret ditt og ber om vaksine, så får du det. 

For mange vil det vere aktuelt å ta vaksine mot både influensa og pneumokokkar (lungebetennelse). 

– Å la seg vaksinere mot influensa og mot pneumokokkar, er det beste forebyggande tiltaket du over 65 år kan gjere for å redusere risikoen for alvorleg sjukdom eller innlegging på sjukehus, seier kommuneoverlegen. 

Også koronavaksine å få

Han minner samtidig om at alle over 65 år, og andre i risikogruppene, er anbefalte å ta ny oppfriskingsdose av koronavaksinen. 

Dessutan kan alle mellom 18 og 64 år få ny oppfriskingsdose dersom dei ønskjer det, sjølv om dei ikkje er i ei risikogruppe. 

28. november og 19. desember er det igjen høve til å få oppfriskingsdosen med koronavaksine