Skal du på tur i vinterferien?

Klikk for stort bileteRegjeringa har saman med fleire regionar og kommunar sett i verk strenge tiltak for å bekjempe spreiing av fleire typar virusmutasjonar. Derfor kan det vere greitt å vite kva tilrådingar som gjeld i samband med reise. Spesielt no i vinterferien.

Kommuneoverlegen gir derfor desse råda om reise i område med auka risiko for smitte: 

  • Reis til og frå eit område med særskilde tiltak berre om du absolutt må. Fritidsreiser vert fråråda.

Har du likevel vore på reise så følg desse råda dei første ti dagane:

  • Hald 2 meters avstand til alle du møter.
  • Ikkje oppsøk restaurantar og andre møteplassar der det er vanskeleg å halde avstand.
  • Ikkje gå på besøk til sjukeheim, omsorgsbustad og dei eldre i familien.
  • Du som arbeider i helse- og omsorgstenesta, bruk munnbind ved pasientkontakt.
  • Får du symptom så hald deg borte frå arbeid og ta ein test.
  • Bestill time til testing etter 6-8 dagar sjølv om du ikkje har symptom.