Skal du selje eigedom eller prosjektere drømmebustaden?

Klikk for stort bileteIllustrasjon: prosjektering og husbygging. Pexels.com Når kommunane på Søre Sunnmøre no lanserer e-Torg vert det lettare for deg å bestille dokumenta du har behov for, akkurat når det passar deg.

Du kan bestille produkt 24 timar i døgnet. E-Torg er ein nettbutikk for geografiske data og byggesakstenester.

Lanseringa skjer onsdag 16. september.

Klikk for stort bileteIllustrasjon: E-Torg.  

 

 

 

 

 

 

 

 

Dette er kommunane sin nettbutikk for sal av kart, eigedomsdata og byggesakstenester. Her finn du digitale kart, meglerpakke, 3D-modellar, nabovarsling både på papir og elektronisk, eigedomsinformasjon og mykje meir. 
Dette sjølvbetjente tilbodet gjer at innbyggarar og næringsliv kan bestille produkt heile døgnet og det er rask levering.

Du får bestilt produkt frå alle sju kommunane på Søre Sunnmøre i same portal.
Kommunane har også på gang MinEigedom og E-byggsøk med fleire sjølvbetjente løysingar.

Her finn du e-Torg.

Her kan du bestille nabovarsel (eNabovarsel).

Her kan du sjå ein kort video om e-Torg: