Skal eg teste meg?

Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto. Pexels.com Mange ringer til legesentera våre fordi dei tykkjer det er vanskeleg å vite om dei skal teste seg. Er du også usikker?

- Då kan koronasjekken via helsenorge.no vere ein god peikepinn på om du treng å bli testa, og viser deg vegen vidare, seier leiar for barn, familie og helse i Herøy kommune, Runa Bakke.

Etter at du har svara på nokre spørsmål vil du få kortfatta og tilpassa råd til din situasjon.

Det er viktig å lese rettleiinga og råda som kjem etter resultatet når koronasjekken er gjennomført.

Koronasjekken kan du ta når du vil, så ofte du vil og er oppdatert utifrå gjeldande retningslinjer. Har du vore på reise, men er utan symptom? Litt forkjøla? Vore i nærkontakt med ein som er påvist smitta? Det er mange spørsmål som dukkar opp i ein slik situasjon.

Er du framleis usikker på om du bør testast etter du har gjort koronasjekken, er du sjølvsagt velkomen til å kontakte legesenteret ditt.

- Vi minner om at vi har innført bestilling av koronatest ved begge legesentera våre både på nett, i app og på mobil. Dette vil gjere det enklare for deg å få bestille testtid om det er stort trykk på telefonlinjene våre. Informasjon om dette finn du på Herøy kommune sine nettsider, avsluttar Runa Bakke.

Les meir om det her.