Skuleelevar arrangerte bingo på sjukeheimen

Klikk for stort bileteDenne gjengen har valfaget "Innsats for andre". Dei går åttande trinnet på Ytre Herøy Ungdomsskule.           

Onsdag 30. oktober var ein gjeng frå åttande trinn ved Ytre Herøy Ungdomsskule (YHU) på sjukeheimen på Eggesbønes.  Dei har nemleg valfaget  "Innsats for andre", og målet for dagen var å spreie glede blant bebuarane.

- Vi holdt bingo. Det var kjempegøy! Det seier lærar Cecilie Smådal og dei kjekke elevane frå YHU som ho hadde med seg.

- "Innsats for andre" er eit valfag. Vi har fokusert på å gjere noko i nærmiljøet, noko vi også vil prøve på å gjere fram mot jul. 

Å gjere ein innsats for dei eldre var noko elevane også satte pris på å få gjere. Noko av det beste med dagen meinte dei var å sjå gleda bebuarane hadde av å vinne på bingo. 

Gevinstar og kaffimat blei sponsa av fleire i lokalmiljøet: ko:ko, Sævik, Havila, Coop, Cubus, Madelynn, Joker og YHU. 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete