Slik blir 17. mai i Herøy

Klikk for stort bilete Adobe Stock I denne artikkelen samlar vi oversikt over 17.mai-programma som vi får tilsendt frå dei ulike komiteane når det er klart. Det er ein føresetnad at arrangementa som vert planlagt, ikkje bryt med smittevernreglane.

17. mai fantetog, bygdefolket på Leinane

I år som tidlegare år vert det Fantetog i regi grendalaget. Dette har vi høyrt er noko av det mange gleda seg mest til på 17.mai. Fantetoget startar på Remøyholmen kl. 09.00 til Nerøyskiftet, via gamlevegen på Leine. Det vert ingen felles stopp på Nærøya.

Pynt deg sjølv og familien, bil, traktor, hengar og/eller anna framkomstmiddel. Finn fram gamle pannelokk, blokkfløyter, trommer o.l, med høgast mogleg lyd, og ver med å vekk Leinebygda til fest!

Det framkomstmiddelet som køyrer fremst må passe på å køyre i passe sakte fart, så alle heng på toget!

Her er programmet for Bergsøya

11.15: Bilparade frå Huldal.

Det er Flaggborg, Bergsøy skulekorps og bilar.

Vi oppmodar alle til å pynte bilane sine og kome å køyre i lag med oss. Vi slår oss i lag med bilparaden frå Einedalen ved rundkjøringa. Ruta er Huldal barnehage - Myklebust - nedom sjukeheimen - mot Mjølstadneset - over Espeseth - rundt Frøystad - Bendal forbi skulane - kulturhuset.

Vi tutar oss ut av paraden ved kulturhuset.

11.00: Gudsteneste i Herøy kyrkje.

12.00: Kransnedlegging ved bautaen.

Vel møtt til store og små bilar for ei annaleis 17. mai-feiring!

17. mai på Remøya

10.00: Fantetog frå snuplassen i byggefeltet nord i Myrane.

Køyrer gamlevegen ut til Sigvaldgarden og tilbake. Pynt deg sjølv og traktoren, sparkesykkelen, ATVen, eller bilen og ver med! Ta gjerne med deg blokkfløyte, trommer, pannelokk eller liknande. Her er det lov å lage lyd og vekke bygda til fest!

Tale ved Ines Vatne blir lagt ut på facebooksida «Remøya».

Kl. 12.00 spelar korpset.

Heile landet syng «Ja, vi elsker dette landet» Korpset startar med å spele ved brua. Etter allsongen marsjerer dei utover øya og stoppar for å spele ved Hallvard og Bjørg, bedehuset, og avsluttar ved Sigvaldgarden.

Hugs på å halde god avstand langs ruta.

Rebusløype

Rebus blir lagt ut tre plassar kvelden før i Sævika, ved skulen, og i Myrane Bilderebus for dei minste. Det er også ein quiz for dei litt eldre som kan å lese.

17.00: Båtkonvoi frå Remøyhamna/Nøre Vaulen

17.mai Bø og Sande

Fantetog med oppmøte i krysset kl 08.45. Bli med så vekker vi bygda. Dette blir gøy.

Kvalsvik

13.00: Korpset startar frå Eidet.

Korpset går rundt i bygda og stoppar og spelar på enkelte stadar.

Dei avsluttar med nasjonalsongen på skuleplassen.

Vi er utruleg stolte over å ha eit korps på øya vår som også bidreg når årets 17.maifeiring igjen vert annleis.

For nok ein gong er vi hindra i å feire nasjonaldagen på vanleg måte.

Difor kan vi ikkje møtast og gå i lag med korpset og heller ikkje samlast på bedehuset.

Vi ynskjer alle ein fin nasjonaldag og vonar at vi neste år igjen kan feire som før.

Einedalen

09.00: Fantetog frå Remøyholmen

09.00: Fantetog frå Frøystad bedehus

11.00: Leine krins sitt korps startar å spele ved Torsten Ingebrigtsen.

Deretter stoppar dei og spelar ved/på følgjande plassar:

Anne Sofie Voldsund, Gunn Helsem Leine, Merethe Hjertø Flusund, krysset opp mot gamlevegen, Knut Marius Leine, Gamle-butikken, Arvid Leinebø, 'Tinghaugen', Stig Børre Sundnes, Nærøykrysset.

11.00: Digital 17. mai fest på Herøy kommune sine heimesider, Youtube og Facebook.

11.45: Bilparade frå Einedalen skule SFO. Felles bilparade med Bergsøy krins.

12.00: Korpset spelar «Ja vi elsker» på Rognekaia, i lag med resten av landet.

17.00: Båtkonvoi med «Livemusikk» frå hamna på Remøya.

Tjørvåg

10.45-11.00: Ved Indre Herøy Kyrkje: Kransnedlegging ved bautasteinane, ordførar Bjørn Prytz.

11.00-11.15: Ved Indre Herøy Kyrkje: Andakt ute rett etter kransnedlegging, Jens Terje Johnsen.

11.45-12.15: Bilkortesje gjennom bygda, startar ved Kiwi Myrvåg.

Kransnedlegging og andakt:

Vi får vere 200 stk ved kyrkja. Det er krav om 1 meter mellom kohortane. Tjørvåg/Myrvåg Musikkorps vil vere der og spele.

Bilkortesje:

Vi vil starte ved Kiwi Myrvåg kl. 11.45 og halde ei fart på ca 30 km/t. Vi køyrer gjennom bygda og snur og tek gamlevegen i Sandvika tilbake mot Stokksund.

Vi håpar flest mogleg er med i bilkortesja eller vil stå langs vegen, så får vi lage liv og røre i bygda vår denne viktige dagen.

Leikong

08.00: Flaggheising ved Grendahuset.

12.00: Nasjonal samsynging – frå leilegheita, fjelltoppen, balkongen, hus og hage – røys deg og syng med den stemma du har, «Ja vi elsker»

12.30: Gudsteneste i Leikanger kyrkje (i samsvar med kyrkja sine rutinar for smittevern - viser til eiga kunngjering frå kyrkja)

13.00: Kransepålegging ved bautaen i høve gudstenesta
- ordførar i Herøy Kommune, Bjørn Prytz
- Jøleik og flaggborg
- Jøleik og flaggborg marsjerer frå Coop Marked Leikong til skulen – barn ved Leikanger skule og barnehage og ev. foresatte (NB! Begrensa til 2 foresatte pr. familie) kan lage tog bak korpset.

15.00: Tale for dagen v. Thor Aslak Haanes Waagan – digitalt på Facebookgruppa; «17. mai markering på Leikong 2021»

Direkte sending av arrangementet
Facebookgruppa oppretta i høve 17. mai markeringa i 2020 vert vidareført og endrar namn til; «17. mai-markering på Leikong 2021». Her vil ein halde fram å invitere så mange som mogeleg som har interesse av å fylgje-/vere informert om 17. mai markeringa på Leikong. Tale for dagen vert lagt ut på denne gruppa, og det vert lagt opp til direktesending frå markeringa. Oppmodar medlemmar av Facebookgruppa å dele bilder og innslag frå markeringa gjennom dagen.

Moltustranda

11:00: Båtparade (avhengig av rette verforhold) Vi startar dagen med å lage liv og leven på sjø til glede for både oss i båtane og oss på land! Ferda går tur-retur småbåthamna på Tarberg-Ryssevika. Ta med flagg og anna 17. mai-stæsj. SKIP O`HOI! Det er framleis tid til å melde seg på!

12.00: Nasjonal allsong (Følg med på NRK) Eit av høgdepunkta i fjorårets feiring var då heile Norge samla seg i ein gigantisk allsong av «Ja, vi elsker». Gå ut og syng av hjartans lyst! Dette skjer rett etter saluttane frå Akershus festning klokka 12.

13:30: 17. mai på Moltustrandingen (Facebook). På programmet har vi mellom anna: Harald snakkar med bygda, rosarussen, dikt, div repriser frå i fjor og bildereportasje av Gard.

15.00: Bilparade var så populært i fjor at vi tek ein reprise! Vi køyrer bak ein ledebil som startar på butikken, tek ei runde opp i bygda, ei runde ut på Tarberg, ei runde rundt grendahuset og tilbake på butikken. Legg ekstra fl id i å pynte køyretøyet. Tut og køyr, men NB!; Ta hensyn når vi passerar hestane i bygda!

HEILE DAGEN FRAM TIL KL 21:00 – BILDEKONKURRANSE FRÅ KVIA

Ut på tur med flagg og sløyfe, det finst ikkje dårleg vêr…
Post bilder på Instagram med #17maipåmoltu, tagg @fjelltrimmenpåmoltu, og du kan vinne ei flott premie!