Slik blir vaksineringa i veke 24

Regjeringa har bestemt å korte ned intervallet mellom første og andre dose av koronavaksinen frå 12 til 9 veker etter råd frå Folkehelseinstituttet (FHI).

Helsestyresmaktene bestemte i slutten av april at intervallet mellom første og andre dose av Pfizer/BioNTech-vaksinen som vi får i Herøy skulle aukast opp til inntil 12 veker for alle under 65 år utan underliggande sjukdomar/tilstandar. Dette for at flest mogleg skulle få vaksinedosar så raskt som mogleg.

FHI varslar at tilgangen på vaksinar er god framover, og derfor har ein avgjort at ein kan forkorte intervallet igjen. Derfor vert det no 9 veker mellom første og andre dose for alle som er 65 år og under får første vaksinedose frå veke 24 (neste veke).

Hugs at det er viktig å få både 1. og 2. dose. Dose 1. gir god effekt av beskyttelse etter veke 3 til veke 15. Det er derfor viktig å følgje opp tidsintervallen slik den ligg føre.

Les meir om endra intervall mellom dosane på regjeringa si nettside her.

Kor langt har vi kome no?

Vi er i gang med å tilby sjølvbestilling av timar for deg som er 55 - 64 år. Det er 1183 innbyggjarar i Herøy i denne gruppa og rundt 700 personar står att for å få 1. dose.

For neste veke (veke 24) får vi om lag 300 førstegongsdosar og rundt 150 andregongsdosar.

Har du registrert deg?

For å få time om sjølvbestilling må du registrere deg på nettsida. Det gjer du her.  Du får ikkje beskjed om sjølvbestilling med ein gong du har registrert deg, men når vi kjem til di prioriteringsgruppe etter alder.

IKKJE last ned app

Registreringssystemet vi nyttar heiter helseboka. Vi gjer merksam om at på nettbrett og på mobil kan ein finn ein app som heiter det same. Den kostar pengar og skal derfor ikkje nyttast for å registrere seg for vaksinasjon i Herøy kommune. Vi nyttar berre registrering via nettsida. Vaksinasjon skal vere gratis.