Slik er dagane vår i barnehagen før påske

 Klikk for stort bileteSå mykje kjekt vi kan gjere ilag både ute og inne. Å utforske og undre seg er ein del av barnehagekvardagen, og den vaksne som kan undre seg saman med barna skapar engasjement, glede og samspel.

Leik og samspel i sandkassa no når snøven er vekke. På jakt etter ulike insekt som våknar til liv etter vinterdvale. Konstruksjonsleik, puslespel saman med gode vener som hjelper kvarandre. Påskepynt der ei lita hand får prøve limpistil godt hjelpt av ein vaksen. Undring over kva som skjedde med det store kvite egget vi la i kjøleskapet saman med sukker og salt.....kvifor er det vekke og kva kom istadenfor ?  Undring over alt vi ser og alt vi kan gjere på saman fyller dagane våre no før vi skal ha litt påskeferie. God påske til alle frå oss i Leikanger barnehage