Slik kan du påverke i Herøy kommune

Klikk for stort bileteBruk forslagskassa! Det er éin av måtane du kan påverke lokalpolitikken på mellom kommunevala. Her får du fleire tips.

Har du eit tips, ein ide eller eit anna forslag til politikarane? Då vil vi gjerne at du sender det til oss gjennom forslagskassa vår. Kven som helst kan sende inn forslag gjennom forslagskassa. Men for å få forslaget vurdert, må du legge ved namnet ditt og kontaktinformasjon.

Ved å nytte dette skjemaet kan du kanskje vere med på å forme utviklinga i kommunen. Forslaget kan gjelde alt som kommunen har ansvar for, men skal ikkje gjelde enkeltpersonar. Forlaget blir lest av rådmannen før han tek det vidare til politisk handsaming. 

Les meir om forslagskassa her.

Her finn du sjølve forslagskassa.

 

Varsle om kritikkverdige forhold

Herøy kommune legg stor vekt på å vere ærleg, ryddig og open i all si verksemd. Både folkevalde og tilsette har ansvar for å etterleve dette prinsippet.

Som forvaltarar av samfunnet sine fellesmidlar, vert det stilt høge krav til den enkelte medarbeidar sine etiske haldningar.

Folkevalde og tilsette dannar grunnlaget for innbyggjarane sin tillit og haldning til kommunen, og skal difor ta avstand frå og kjempe imot uetisk forvaltningspraksis.

Les meir om varsling her.

Her kan du finne skjema for varsling.

 

Krev at kommunestyret tek opp ei sak du brenn for

Bruk www.misak.no til å fremje ei sak du brenn for. 

Viss minst to prosent av innbyggarane krev at ei sak kjem opp for kommunestyret, skal kommunestyret behandle ho. Del saka di i sosiale medium for å få dei underskriftene du treng.

Her ser du kva tidspunkt kommunestyret har møte. 

 

Kontakt ein folkevald

Du kan seie det du meiner direkte til dei folkevalde som behandlar politiske saker. 

Her finn du kontaktinformasjon til dei folkevalde i Herøy. 

 

Gjer deg kjent med sakene dei folkevalde skal handsame

Saksdokumenta til møte i politiske utval, formannskapet og kommunestyret ligg på nett. Kanskje skal ei sak du er spesielt engasjert i handsamast? 

Her finn du møtedokumenta. Trykk på datoane for møtet eller søk på tidlegare møte og vedtak.

Ofte vert ei sak først handsama i eit utval og/eller i formannskapet før ho går vidare til kommunestyret. Dess tidlegare i prosessen du engasjerer deg, dess større er sjansen for at du kan påverke. 

 

Gi høyringsinnspel

Kommunen legg jamleg ut saker til høyring. Både organisasjonar og enkeltpersonar kan uttale seg i høyringane før sakene vert handsama vidare. 

Her finn du saker som er til høyring.

 

Engasjer deg i eit parti

Ei rekke parti er aktive i Herøy. Som partimedlem får du høve til å påverke kva saker partiet skal fremje – og kva standpunkt partiet tek i aktuelle saker.

 

Inviter ein folkevald

Du kan invitere ein folkevald til møte i lag og organisasjonar for å diskutere saker. 

Her finn du kontaktinformasjon til partia i kommunestyret. 

 

Ver med i den offentlege debatten

Sosiale media og lokalavisa er gode arenaer for den som vil engasjere andre og seie meiningane sine til dei folkevalde. 

 

Møt opp på folkemøte

Kommunen inviterer jamleg til folkemøte rundt om i kommunen. Følg med når møta blir annonserte, møt fram og ta del i dialogen. 

 

Følg debatten i dei politiske møta

Alle politiske møte i kommunen er opne. Unntaket er når det skal handsamast saker som er unnateke offentleg innsyn. Dei fleste møta vert haldne i Herøy rådhus. 

Her ser du når og kvar dei politiske møta vert haldne. 

Kommunestyremøta vert dessutan overførde på nett – som direktesending og i opptak. Dei finn du her.

 

Les kva dei folkevalde har vedteke

I politiske møte vert det skrive protokollar som viser kva som vart vedteke. 

Her finn du protokollar frå politiske møte.

 

Bli med i borgarpanelet

Som medlem av borgarpanelet får du moglegheit for å kome med meiningane dine og opplevingane dine, samt kome med ønskjer og idear til kommunen sitt arbeid med å utvikle Herøy kommune.

Emna for borgarpanelet vil naturlegvis variere alt etter kva kommunen jobbar med. Av emne som kan vere aktuelle for eit borgarpanel, kan til dømes vere kommunale utviklingsplanar, miljøpolitikk, skulepolitikk, eldreomsorg eller korleis vi skal utvikle lokaldemokratiet.

Borgarpanelet får gi innspel til dei aktuelle politiske prosessar, men borgarpanelet vil ikkje erstatte dei etablerte ordningane for høyring eller deltaking i politiske prosessar, men kome i tillegg til desse. 

Vil du vera ein del av borgarpanelet?

Dersom du bur i Herøy kommune og er over 18 år, så kan du vere med i borgarpanelet. Ved påmelding oppgir du namn, postnummer, kjønn og fødselsår. Desse opplysingane blir berre brukt til å trekke ut deltakarar til undersøkingar, og vi handsamar sjølvsagt opplysingane dine fortruleg og opplysingane dine vil ikkje bli gitt vidare til andre.

Som medlem av borgarpanelet vil du årleg få inntil fire spørjeundersøkingar der du svarar anonymt og vi vil truleg invitere til to samlingar for borgarpanelet på aktuelle tema.

Vil du vita meir om borgarpanelet?

Borgarpanel er nytt i kommune-Norge og er eit nybrotsarbeid av Herøy kommune. Dersom du har spørsmål; noko er uklart eller ønskjer å melde deg på, så er du velkomen til å ta kontakt med ass.rådmann, Andreas Chr. Nørve, på e-post: andreas.chr.norve@heroy.kommune.no

Innmelding, endring eller utmelding av borgarpanelet

Ønskjer du å melde deg inn; endre opplysingane dine eller melde deg ut av panelet, så er det berre å sende ein e-post til andreas.chr.norve@heroy.kommune.no