Slik kan du sende og få meldingar om helse- og omsorgstenester

Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto. Pexels.com Om du har teke i bruk helsenorge.no og fått innvilga ei heimeteneste, kan du sende og ta imot meldingar frå helse- og omsorgstenestene i eiga kommune.

Du kan sjå avtalar om heimebesøk og avbestille besøk, samt få varsel om utførte oppdrag via tekstmelding eller e-post. Meldingar frå innbyggar kjem då direkte inn i den elektronisk pasientjournalen, som for Herøy kommune er Gerica.

Dersom du ynskjer at nokon av dine nære skal hjelpe deg med denne kontakten, kan du gi dei fullmakt til dette. Dette gjer du også på via helsenorge.no.

Om du ynskjer å ta i bruk denne kommunikasjonskanalen – gå inn på helsenorge.no og les meir om korleis dette fungerer. Det opp til deg som brukar, eller pårørande til brukar av heimetenestene, å ta dette i bruk, framfor å nytte telefon, e-post og SMS.

helsenorge.no finst det i dag også mange andre tenester for innbyggarane ( kjernejournal, byte av fastlege, vaksiner, Covid-19 svar m.m).