Slutt på telefontid

Klikk for stort bileteIngvild Kalvatn og Frank-Robert Stenersen er byggesakshandsamarar ved utviklingsavdelinga i Herøy kommune. Iselin Nevstad Øvrelid Sidan Herøy kommune og utviklingsavdelinga no har fått på plass ein ny byggesakshandsamar, Ingvild Kalvatn, vert det ikkje lenger behov for å ha telefontid tysdagar og torsdagar.

- Ta kontakt kva dag du måtte ønskje i ordinær opningstid, kommenterer Ingvild Kalvatn og Frank-Robert Stenersen som er opptekne av å vere tilgjengelege for innbyggjarane.