Smittevernråd for julehandel

Klikk for stort bileteJulegåve Pexels.com Folkehelseinstituttet har samla eit knippe smittevernråd slik at kundar og handelsstanden kan gjennomføre julehandelen på ein måte som tek omsyn til smittevernet.

Råd til deg som handlar:

  • Hald deg heime om du er sjuk.
  • Handle gjerne på tidspunkt då det er færre kundar i butikkane.
  • Hald minst 1 meters avstand til andre kundar og dei som jobbar i butikken.
  • Vask hender eller bruk handdesinfeksjon ofte.
  • Unngå å ta kollektivtransport om mogleg.
  • Ta igjen handlinga på eit seinare tidspunkt om det er trengsel.
  • Vurder netthandel eller be andre om å handle for deg. Spesielt gjeld dette dersom du er i ei risikogruppe.
  • Ikkje utset julehandelen til rett før jul dersom du har høve til å gjere den unna tidlegare.

Råd til handelsstanden:

  • Legg til rette for at kundar kan halde avstand. Dette gjeld både inne i butikken, på kjøpesenteret, ved pakkediskar og utanfor butikklokalet derom kundane må stå i kø.
  • Ikkje slepp inn fleire i lokalet enn at kundane klarer å halde 1 meters avstand.
  • Tilrettelegg gjerne for netthandel eller andre løysingar for utlevering av varer.
  • Vurder utvida opningstider og tilbod over fleire dagar for å unngå at mange kundar kjem samstundes.
  • Oppmode kundar om å handle på tidspunkt då der ikkje er mange andre kundar i lokalet.
  • Informer kundar om å halde seg heime ved sjukdom.
  • Legg til rette for god handhygiene i lokalet.
  • Ta omsyn til risikogrupper, til dømes ved å ha tidspunkt der dei vert inviterte til å kome utan at andre kundar er i lokalet.

Førjulsarrangement på kjøpesenter og i butikkar

Arrangement som konsertar og liknande som samlar mange personar på ein stad bør unngås.

Les meir på FHI sine nettsider her.