Snart får 12-15-åringar tilbod om vaksine

Det har vore god oppslutnad om vaksinasjon i aldersgruppa 16 - 17 år i Herøy kommune, og snart får born frå 12 til 15 år tilbod om koronavaksinen i Herøy.

Vaksinasjon for denne aldersgruppa vert gjennomført i veke 38 og 39. 

- Alle i gruppa 12 - 15 år får også tilbod om Pfizer/Comirnaty-vaksinen i samsvar med nasjonale tilrådingar, seier fungerande kommuneoverlege, Inger Lise Kaldhol.

Informasjon om påmelding kjem neste veke

Neste veke (veke 37) kjem vi med nærmare informasjon om korleis ein melder seg på vaksinasjon for denne aldersgruppa.

Først ut er elevane på ungdomsskulen i veke 38. Vaksinasjonsteamet gjennomføre vaksinasjon på dei tre ungdomsskulane i kommunen; Ytre Herøy ungdomsskule, Stokksund skule og Møre barne- og ungdomsskule denne veka.

Nærmare informasjon og samtykkeskjema går også ut til elevane via skulane i forkant.

Born som har fylt 12 år på vaksinasjondagen, men som ikkje går på ungdomsskulesteget, men i 7. klasse på barneskulen får også tilbod om vaksine, men i veke 39.

Det vert ein eigen dato for vaksinasjon på helsestasjonen for dei yngste borna i denne aldersgruppa.

Koronavaksinasjon av denne aldersgruppa fører til at ein utset ordinær skulevaksinering for 7. og 10. klasse til november.

Vaksinasjon bidreg til å beskytte dei få som kan bli alvorleg sjuke dersom dei vert smitte, i tillegg til å redusere smittespreiinga i samfunnet. Redusert smittespreiing er nødvendig for å kunne lette på restriksjonar som har vore belastande for unge under pandemien. 

Les meir om vaksinasjon av denne aldersgruppa på regjeringa.no

Les meir om vaksinasjon av denne aldersgruppa i informasjon frå Helsedirektoratet.no her.

Biverknadar hos unge

All vaksinasjon kan ha biverknadar. Dei vanlegaste i denne aldersgruppa er smerter i 1-2 dagar på injeksjonsstaden. Ein kan føle seg litt uvel eller, slapp, og nokre kan få litt feber. Desse behandlar du godt med litt paracetamol. Det er lurt å ta det med ro eit par dagar etter vaksinasjonen, dvs. ikkje trene hardt og liknande, men du kan gå på skule.

Ein sjeldan biverknad (om lag 7 av 100 000) kan vere ein betennelse i hjartemuskelen, som i dei alle fleste tilfelle går over etter om lag 4 veker. Det viser seg likevel å vere større risiko for at covid-19-sjukdom gir alvorleg påverknad på hjartet hjå ungdom enn det ein kan sjå etter vaksinasjon.