Snart startar vi med sjølvbestilling - du får SMS når du kan bestille

Vi er no klare til å starte sjølvebestilling av tid for koronavaksinasjon. Frå venstre: Markus Skorpen (fysioterapeut), Runa Bakke (leiar barn, familie og helse) og Anna Sannes Sørensen (ergoterapeut). Iselin Nevstad Øvrelid No startar vi med sjølvbestilling for koronavaksinasjon for prioriteringsgruppene under 65 år.

3600 har registrert seg for vaksinasjon i Herøy. Er du ikkje ein av dei? Gjer det her. 

Dette er viktig for å få beskjed om når du kan booke deg time når vi no startar med sjølvbestilling.

- No er det kjempeviktig at du som er under 65 år, registrerer deg for vaksinasjon. Det er på den måten vi kan sikre at du får vaksinen til rett tid. No ringer vi ikkje dei ulike prioriteringsgruppene lenger, og då må ein gjere ei registrering sjølv for å få varsel når det er kvar einskild sin tur, seier Runa Bakke som er leiar for barn, familie og helse.

Har du tekniske problem med registreringa kan du ringe koronatelefonen på telefonnummer: 469 06 458.

Prioriteringsgruppene i tur og orden

Kvar veke legg vi ut eit visst timetal tilgjengeleg for den prioriteringsgruppa vi har kome til.

- Vi tek prioriteringsgruppene i tur og orden. Det er eit nytt registreringssystem vi har teke i bruk, så vi er veldig spente, men har stor tru på at det skal gå bra, seier Markus Skorpen, Runa Bakke og Anna Sannes Sørensen som legg til rette for sjølvbestilling av timar til koronavaksinasjon.

På Folkehelseinstituttet sine sider kan du sjå kva slags prioriteringsgrupper som kjem først.

Får du SMS frå oss, betyr det at du sjølv kan følgje lenkja og sette deg opp på tilgjengeleg vaksinasjonstid. Dette må du gjere innan datoen som blir opplyst i meldinga. Gløymer du å booke deg time den veka du får tilbod, går du ikkje glipp av vaksinen. Du må berre vente til veka etter når det blir fleire tilgjengelege timar. Du får då ny melding om ledig tid, fram til vi er ferdige med prioriteringsgruppa.

Du må passe på at du er tilgjengeleg for å ta vaksinen på datoane for både dose 1. og dose 2. 

Vi kjem til å varsle på nettsida, Facebook og på SMS når vi startar på ei ny prioriteringsgruppe. 

Førebels er vaksinasjonsdagane i Herøy kommune onsdag og torsdag. Dette kan verte utvida til å gjelde fleire dagar dersom vi får større leveransar framover vår/sommar.

Registrer deg også dersom du takkar nei til vaksinen

- Så vil vi minne om at vi også set pris på om du registrerer deg ved å takke nei dersom du ikkje ønskjer å få koronavaksinen. Då slepp du å få unødvendige varsel. Det er likevel lov å ombestemme seg seinare, dersom ein likevel ønskjer å få vaksinen, seier Runa Bakke.