Solparken vert lagt ut på anbod

Klikk for stort bilete

Prosjektering og utvikling av Solparken er ferdigstilt av Ghilardi+Hellsten Arkitekter AS. Prosjekteringsfasen har vore omfattande og tidkrevjande, men
ein sit igjen med eit produkt som er grundig gjennomarbeidd.

Formannskapet har vedteke at Solparken skal ut på anbod. Anlegg- og driftsavdelinga vil legge dette ut på doffin.no snart, og håper at fleire reknar på og kjem med tilbod slik at ein får realisert prosjektet snarast råd.

Når det gjeld materialbruk, er golvet i Solparken utforma som ein mosaikk i sirklar, med steinar i ulike teksturer og størrelsar som dannar eit sentralt og leikent element. I oppbygging av underlag til golv er det tenkt resirkulert betong, med biobasert bindingsmaterial for mindre steinar (terazzo). I fortausarealet rundt solparken er det tenkt stein i granitt. Ein viktig føresetnad under planlegginga av golv/fortau er at det er ikkje skal brukast røff naturstein som forhindrar rullestolbrukarar.

I tillegg til mosaikkgolvet og fortauet rundt, består av Solparken av fleire spanande element som oppheva fontene med sittekant med integrerte
leikeelement og vann-jetar som kan programmerast for ulike opplevingar. Ein finn vidare ei scene/podium som har fleire tersklar, men universelt utforma (UU). Ein ser for seg sceneteppe i kombinasjon med ulike husker/reier (tallerkenhuske, enmannshuske, UU-huske, trappehuske, treningshuske og fleirmannshuske). Stilige benkar som er tenkt som aktivitetspunkt. Desse er tenkt utforma i massive tre-element som skal stimulere brukarane til å bruke møblane på nye måtar og vil fungere som vindskjold.

Vi ser fram at den nye parken vert realisert.