Søppeldunk i Toftestøda

Klikk for stort bileteToftestøda søppeldunk (Foto: Edvon Eri Pettersen)

Det er no plassert ut søppeldunk i Toftestøda. Søppeldunken står ved  reinseanlegget  ved klubben i Toftestøda.

Det er Utsiktet v/ Edvin Eri Pettersen som fortel at dei har plassert ut dunken. Tømming av dunkane vil verte gjort av uteseksjonen i kommunen. Pettersen ber om at eingongsgrillar ikkje vert hatt opp i dunken, men heller plasserast ved sidan av. På denne måten hindrar ein at søppeldunken tek fyr og uteseksjonen vil samle saman eingongsgrillane  og ta dei med  når dei hentar søppla.