Spanande prosjektdag med fisk som tema

Klikk for stort bileteDet var ein spanande prosjektdag med fisk som tema for 4. trinn ved Bergsøy skule avdeling Blåhaugen torsdag før vinterferien.

Elevane deltok i ein sjømatkonkurranse for grunnskule som heiter "Kokkesprell".

Her laga dei ein eigekomponert fiskerett og deretter sendte inn bilete. Vinnarklassa får 5000 kr til klassekassa og ein sjømatfest til elevar, lærarar og foreldre. I tillegg til å lage mat, fekk dei ei spanande innføring i lokal fiskeri og fiskeflåten i Herøy. Ein kjekk dag på skulen!