Spente 1. klassingar fekk besøk av politiet

Klikk for stort bileteFornøgde elevar i klasse 1A. Karoline Hoem  1. trinn på Bergsøy skule, avd. Blåhaugen fekk besøk av politiet. Politiet hadde med seg noko vi treng ute i trafikken.

Førsteklassingane fekk nemleg utdelt nye refleksvestar frå to politimenn. Det var ein spent gjeng som fekk helse på politiet, og refleksvestane vart teke i bruk med ein gong. Særskilt viktig å ta i bruk refleksvestar no når det er haust og mørkt ute, og vi går mot vinter. Tryggleik i trafikken er noko vi har stort fokus på i 1. trinn.