Spørjeundersøking: Kva for eit Herøy vil du bu i når du blir eldre?

Bli med og påverk framtida: Vi er i gang med å lage ein eldreplan, og no vil vi ha innspel frå akkurat deg!

to menneske ute på tur - Klikk for stort bilete Adobe Stock

Oppdatering: Vi har utvida svarfristen til 18. juni.

Korleis vil du at det skal vere å bu i Herøy som eldre?

Vi vil at Herøy skal vere eit aldersvennleg lokalsamfunn. Det skal vere godt å vere eldre i Herøy, også i framtida.

Men kva bør det bety – heilt konkret? Det ønsker vi å høyre meir om frå deg. Du gir innspel ved å svare på ei spørjeundersøking. Svara vil vi bruke i arbeidet med å lage ein eigen eldreplan. 

Ser du på deg sjølv som eldre i dag? Eller er du ein av «morgondagens eldre»? Vi ønsker innspela dine uansett.

Nokre tema i undersøkinga er

  • aktivitet og fellesskap
  • mat og måltid
  • helsehjelp

Slik blir du med i undersøkinga – digitalt eller på papir

Klikk her for å gå inn på spørjeskjemaet.

Vil du heller svare på papir? Kontakt fagkonsulent Camilla Kvalsvik Aksnes på telefon 99 22 99 82 eller e-post camilla.kvalsvik.aksnes@heroy.kommune.no. Ho sørger for at du får skjemaet – og at du får levert.

Vi gjer også undersøkinga kjent for brukarane av heimetenesta. 

Fristen for å svare er 18. juni 2023.

Grip sjansen til å påverke korleis framtida skal vere her i Herøy!

Bakgrunnen til eldreplanen

Eldreplanen vår skal bygge på den nasjonale reforma «Leve heile livet». Poenget med reforma er

  • at eldre skal kunne meistre livet lenger
  • at eldre skal vere trygge på at dei får god hjelp når dei treng det
  • at pårørande kan bidra utan at dei blir utslitne
  • at tilsette får brukt kompetansen sin

Arbeidsgruppa for planen

Eldreplanen blir jobba fram av denne arbeidsgruppa:

  • avdelingsleiar for pleie og omsorg
  • fagkonsulent i pleie og omsorg
  • leiar for eldrerådet
  • representant frå eldrerådet
  • leiar for råd for menneske med nedsett funksjonsevne
  • folkehelsekoordinator
  • seksjonsleiar for barn og unge i kulturavdelinga
  • dagleg leiar for frivilligsentralen