Personar med stoffskiftesjukdom kan ta jodtablett dersom Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) gir råd om jodtablettar til befolkninga ved ei atomhending.
For dei aller fleste vil det ikkje medføre særskilde endringer i stoffskiftet, men nokre få vil i ein periode få anten for lågt eller for høgt stoffskifte.
For å fange opp dette, bør dei som har slik stoffskiftesjukdom ta ei blodprøve og måle TSH og fritt T4 hos legen som behandlar (fastlege eller sjukehuspoliklinikk som følgjer opp stoffskiftesjukdomen) 6–12 veker etter inntaket.
Personar med stoffskiftesjukdomar kan ta fleire dosar jod dersom dette blir tilrådd til befolkinga etter ei atomhending.
For gravide kvinner med stoffskiftesjukdom, tilrår styresmaktene jodtablettar ved atomhendingar, men stoffskiftet må deretter følgast i svangerskapet, første gong etter 2 veker.
I dette skrivet (mars 2022) frå Helsedirektoratet kan du lese meir om dette temaet.