Spring for UNICEF

Idag har 1.-4.trinn på Nerlandsøy skule idrettsdag.

Langs Kopperstadvegen torsdag morgon er det ei god stemning. Elevane er fulle av energi og iver til løpet dei no skal gjennomføre.

Elevane skal springe så mange runder dei berre kan, fram og tilbake. For kvar runde vert det samla inn 10kroner pr elev til UNICEF.  Dette er ikkje symbolske gåver, men reelle ting. Alt ein kjøper sendast til born som treng det mest. 

Elevane skal i felleskap med si klasse finne ut kva dei kan, og vil kjøpe for pengane dei har samla inn på UNICEF sin nettstad. Kankje vert det varme pledd, vaksiner eller skrivebøker?

Vi oppfordrar alle vidare til å vere med å støtte UNICEF sine verdsgaver.

Så lite kan tyde så mykje!

Besøk nettstaden til UNICEF her