Startar byggearbeidet for Rådhusgata 7

Klikk for stort bilete Iselin Nevstad Øvrelid
Måndag 3. august 2020 startar byggearbeidet for prosjekt 61552 – Rådhusgata 7. Då startar oppføringa av eit nytt næringsbygg og parkeringshus bak rådhuset for Herøy og Sande lensmannskontor m.m.

Byggeprosjektet medfører at parkeringsplassane bak rådhuset vert avstengt for all bruk fram til byggeprosjektet er ferdigstilt. I byggeperioda må såleis både tilsette og andre som skal besøke rådhuset finne seg parkeringsplass andre stadar i sentrum.  

Her ser du ei oversikt over dei stadar som er tilrettelagt for parkering i Fosnavåg:

Klikk for stort bilete 

Prosjektet skal etter planen ferdigstillast innan sommaren 2021.

Vi kjem attende med ytterlegare informasjon etter kvart som prosjektet skrid fram og håper du som besøker Fosnavåg eller rådhuset finn parkeringsplass og elles finn fram dit du skal.