Stått på i vind, regn og kulde

Kandidatane på Utsikten jobbar godt med å få bryggen i god stand_ - Klikk for stort bileteKandidatane på Utsikten jobbar godt med å få bryggen i god stand_

Bryggeområdet i Fosnavåg sentrum har den siste tida vorte spylt rein av folk i arbeidsjakker. 

Tekst og foto: Thomas Teige Sporsheim

Dette er i samband med prosjektet «Utsikten» som har som mål å tilby arbeidsretta aktivitet samt gjere overgongen til ordinært arbeid lettare for dei aktuelle kandidatane. Bryggeområdet i Fosnavåg sentrum har den siste tida vorte spylt reint av folk i arbeidsjakker. Dette er i samband med prosjektet «Utsikten» som har som mål å tilby arbeidsretta aktivitet samt gjere overgongen til ordinært arbeid lettare for dei aktuelle kandidatane.

«Utsikten» er eit samarbeidsprosjekt i regi av Herøy kommune og NAV Herøy der føremålet er arbeidsretta aktivitet og bidra til at deltakarane kjem raskare over i ordinært arbeidsliv. Prosjektleiar frå Herøy Kommune er Edvin Eri Pettersen. Han er ansvarleg for å koble aktuelle kandidatar og aktuelle arbeidsoppgåver, og arbeider tett med ulike kommunale tenesteområde. Jobbkonsulent June Skeide Bergseth er bindeleddet mellom NAV Herøy og prosjektet som gir moglegheiter for oppgåver innanfor fleire områder som til dømes oppgradering av sentrum. Så har man teknisk vedlikehald og logistikkarbeid.

Jobbkonsulent i NAV Herøy June Skeide Bergseth og prosjektleiar Edvin Eri Pettersen er godt nøgde med starten på Utsikten-prosjektet - Klikk for stort bileteJobbkonsulent i NAV Herøy June Skeide Bergseth og prosjektleiar Edvin Eri Pettersen er godt nøgde med starten på Utsikten-prosjektet

 - Må lovprise kandidatane

Etter at prosjektet byrja for to veker sidan så har oppgåva vore å spyle dei mykje omtala skjørta reine med det formålet å avdekke eventuelle omfanget av råteskader.

- Hittil er det avdekka at den nedre delen er stort sett oppråten og at mesteparten skal skiftast ut. Det har vore bra og eg må lovprise kandidatane som har vore med så langt og har stått på i vind, regn og kulde, seier Pettersen. Kandidatane vil halde på i sentrumsområdet framover.

- Dei har og haldt på i to-tre dagar med å sage opp tredekket utanfor Fosnavåg Brygge for å drenere vekk overflatevatn som gjer at det vert farleg glatt å ferdast. Håpet er at det skal tørke opp slik at det vert trygt å ferdast, men vi er ikkje ferdige med den delen, så vi må ta det når veret tillèt det. Arbeidet med utskiftinga av skjørtet vil halde på fram mot jul. Det har med flod og fjøre å gjere. Vi ynskjer å auke talet på personar i «Utsikten» i tida framover, avsluttar prosjektleiar Edvin Eri Pettersen.

Bakgrunn for prosjektet

- Ei betring i arbeidsmarknaden samtidig som fleire står utanfor arbeidsmarknaden er ein viktig del av «bakteppet» for kvifor regjeringa iverksette ein inkluderingsdugnad. Fleire med nedsett arbeidsevne, i tillegg til at ei rekke ungdomar og innvandrarar slit med å kome seg inn på arbeidsmarknaden er bakgrunnen for etablering av prosjektet «Utsikten». Ved å gi deltakarane viktig arbeidserfaring og god meistringskjensle, vil moglegheitane på arbeidsmarknaden opne seg, seier NAV-leiar Jarle Stordal.