Stenger bygg for aktivitet etter skuletid

Klikk for stort bileteIllustrasjon: Einehallen. Iselin Nevstad Øvrelid Herøyhallen, Einehallen, Leikanger grendahus, gymsalen ved Bergsøy skule avdeling Borga og gymsalen ved Stokksund skule er stengt for all bruk utanom aktivitet knytt til skulane.

Regjeringa varsla 3. januar nye koronatiltak for perioden 04.01.21 til og med 18.01.21.

Ein tilrår at alle organiserte fritidsaktivitetar, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livssynssamlingar innandørs, vert utsett til etter 18. januar. Dette gjeld også alle aktivitetar innandørs som samlar barn og unge på tvers av klasser/ kohortar. Les meir om det her.