Stikk UT! ... og nyt Herøy!

Årets Stikk UT!-sesong er i gang. Du kan velje mellom heile 521 turmål – 15 av dei er i Herøy. Ta deg tid til å nyte og ta vare på naturen vi ferdast i.

To representantar for Stikk UT! viser fram skilt og anna materiell som høyrer til Stikk UT! - Klikk for stort bileteLiv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal (t.v.) og Hilde Ellingsæter i Sunnmøre Friluftsråd har ansvaret for Stikk UT! Dei håpar på ein fin sommar med mange kjekke turopplevingar for Stikk UT!-folket. Stikk UT!

Nokre kjappe fakta:

  • Stikk UT! er ein turtrim der du kan registrere dei turane som er plukka ut til å vere turmål denne sesongen. Det er gratis å delta.
  • Du lastar ned appen og opprettar ein brukar. Så registrerer du koden som du finn på kvart turmål.
  • Går du meir enn sju turar kan du kjøpe deg din eigen Stikk UT! premie.
  • Sesongen varer fra 1. mai til 31. oktober. Friluftsråda i fylket og 27 kommunar samarbeider om Stikk UT!.

Meir informasjon finn du på nettstaden til Stikk UT!.

Få også med deg den lokale satsinga vår: Ti på topp i Herøy

Turane i Herøy

Turar i kategorien enkel:

  • Byvandring
  • Eggesbøvegen
  • Golleneset
  • Herøy gard
  • Lysløypa på Leikong
  • Skåla

Turar i kategorien middels:

  • Huldrehornet
  • Igesundvarden
  • Laupsnipa (forventa opning 15. mai) 
  • Leinehornet
  • Remøykammen og Vardane
  • Rjåhornet frå Djupvika
  • Rjåhornet frå Mjelthaugvegen
  • Vardeheida

Turar i kategorien krevjande

  • Storeronda på Moltu (forventa opning 15. mai) 

Du finn alle turmåla på kartet til Stikk UT!.

Stort engasjement

– Mange har nok store forventningar til årets sesong. Spesielt håpar nok mange på betre vêr og fleire fine turdagar enn i fjor, seier Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, som er prosjektleiar for Stikk UT!.

– Engasjementet rundt Stikk UT! er enormt og vi er veldig stolte av at regionen vår tronar øvst i landet når det gjeld å gå på tur. At så mange registrerer turane dei går, gjer at vi kan satse endå meir på å gjere gode turopplevingar tilgjengeleg for fleire, seier Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd, som er ansvarleg for Stikk UT! på Sunnmøre.

I kartbrosjyren som innbyggarane i regionen får i postkassene, inviterer friluftsråda alle med på ut på tur.

 Ta vare på dei verdifulle områda

 Vi oppfordrar alle til å nyte turlivet litt ekstra denne sesongen; enten det er å gå på tur saman med nokon, nyte ein god matpakke på turen, lytte til fuglesang eller ta eit bad i eit fjellvatn. Gode møte mellom menneske og naturen fremmar helse og livskvalitet og vi trur at dess meir folk kosar seg på tur dess meir lyst får dei også til å gjere ein innsats for å ta vare på dei verdifulle områda vi ferdast i, seier Liv Synnøve Hoel.