Frå venstre: Liv Synnøve Hoel, Stikk UT!-ansvarleg Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal; Stig Aambø i Møre og Romsdal skikrets; Hilde Ellingsæter, Stikk UT!-ansvarleg i Sunnmøre friluftsråd
Stikk UT!
– Stikk UT! og opplev det fine lyset, tenn eit bål og sjå på stjernehimmelen. Vi ønsker oss gode vinterforhold til fine fotturar og god glid i skiløypene. Be gjerne med deg nokon på tur, oppfordrar Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd og Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, som er ansvarlege for Stikk UT!.
Registrer turane du går i app eller på nettstad
I sommar blei tilgangen til å registrere turar du har gått på nettstaden stikkut.no, tatt vekk.
– Vi har fått tilbakemeldingar frå deltakarar som har sakna dette, og vi har lytta til dei. Derfor vil vi i løpet av vintersesongen gjeninnføre moglegheita til å registrere turane på stikkut.no også – i tillegg til i Stikk UT!-appen, seier arrangørane.
Les meir om Stikk UT! Vinter her.
Turtips til vinterstida
Forsking viser at vi sit for mykje og at dagleg aktivitet er livsviktig, bokstaveleg talt. Bruk Stikk UT!-turloggen og sett deg dine eigne mål for vinterens aktivitet.
– Å kome seg ut er enklare enn ein trur. På dei fleste nærturar er det nok å kle seg godt og varmt, ta på gode sko og kome seg ut døra. For kvart steg vil kropp og sjel merke ein positiv effekt, seier Ellingsæter.
Vinterturmåla i Herøy
Her finn du alle turmåla i Stikk UT! Vinter i Møre og Romsdal, Heim og Bjorli.
Dette er vinterturane i Herøy:
- Byvandring rundt Våje i Fosnavåg
- Djupvikhaugen på Gurskøya
- Gamleveien på Remøy
- Heid Tursti på Bergsøya
- Herøy gard
- Kjeldsund – gapahuk
- Mørkevatnet Moltustranda
- Sandvikskaret
- Teigetua frå butikken på Nerlandsøya