Stor aktivitet i Utviklingsavdelinga

Klikk for stort bilete

Utviklinklingsavdelinga i Herøy kommune har svært stor arbeidsmengd. Heile åtte reguleringssaker blei presenterte av avdelinga på formannskapsmøte 12.03.

 Tekst og foto: Thomas Teige Sporsheim

Det er snakk om tre nye reguleringssaker som skal startast opp, tre planforslag som skal utleggast til offentlig ettersyn og to reguleringssaker til sluttgodkjenning.

Klikk for stort bileteTanja Rafteseth og Erlend Sporstøl Vikestrand frå Utviklingsavdelinga presenterte heile åtte reguleringssaker på formannskapsmøtet i førre veke Thomas Teige Sprsheim

- Vi ser ei stor auke i aktivitet, spesielt på privat reguleringsplanarbeid. På siste formannskapsmøte hadde vi oppe heile åtte saker til handsaming, noko som er særs mykje. Den store aktiviteten på planavdelinga vil på sikt også  føre til fleire saker for dei andre fagavdelingane på utviklingsavdelinga, byggesak og oppmåling. Desse heng jo tett saman, seier avdelingsleiar Ole Magne Rotevatn.

- Viktig å rekruttere

I ei avdeling med relativt låg snittalder så ser Rotevatn for seg ei utfordrande periode.

- Utviklingsavdelinga står no i ein krevjande situasjon med stor saksmengd på alle fagområda våra og no skal vi starte ein rekrutteringsprosess då vi har ein planleggar og ein geoingeniør som har sagt opp. Det er viktig for oss å få rekruttert kompetente personar til desse stillingane, for det er mykje arbeid som står framfor oss, seier Rotevatn.

Herøy kommune har nyleg lyst ut to stillingar. Det er ei fast 100% stilling som planleggar medan den andre er ei fast 100% stilling som gis/geodataingeniør. Planleggar Rotevatn oppmodar dyktige kandidatar om å søkje.

- I tida som står føre oss må vi prioritere strengare i forhold til kva saker som skal førast fram politisk og saksbehandlingstida vil nok gå opp for alle sakene fram til vi får tilsett ein planleggar og ein landmålar, så her det berre å søkje, avsluttar ein engasjert avdelingsleiar!