Støttar opp om Rosa sløyfe aksjonen

Klikk for stort bileteHornseten 

Mange i Herøy støttar opp om Rosa sløyfe aksjonen, og Herøy kommune har oppretta eiga gruppe. Ikkje alle har anledning til å gå/springe løypa samtidig, men går på forskjellege tidspunkt gjennom veka.

I går ettermiddag var vi ein gjeng på over 20 personar som gjekk turen over Tverrfjellet. Nokre tok også turen til topps på Hornseten.

På førehand har engasjerte damer i Søre Sunnmøre brystkreftforening, Marit Falkanger og Liv Hogrenning, merka turstien med rosa ballongar og hengt opp informasjon om aksjonen. Stor takk til dei og stor takk til alle som set av tid til denne viktige aksjonen.

Ordførar Bjørn Prytz gjekk som einaste mann i lag med ein flokk damer. For han var aksjonen spesiell, då kona døde av brystkreft for to år sidan.

 

Les meir om aksjonen på nettsida Rosa sløyfe og på fb-sida til Rosa sløyfe.