Støtte til lag og organisasjonar under koronapandemien

Klikk for stort bileteKonsert, idrettsarrangement eller andre tilskipingar innanfor idrett, kultur og frivilligheit som vart avlyste grunna koronapandemien, kan lag og organisasjonar no søke om å få kompensert. Mostphotos Har ditt lag eller din organisasjon hatt store tap under koronapandemien? Då kan det vere hjelp å få.

Kompensasjon for avlyste og utsette arrangement:

Møre og Romsdal fylkeskommune har oppretta ei kompensasjonsordning for avlyste og utsette arrangement knytt til ulike lag og organisasjonar. Ordninga har ei ramme på 2,5 mill. kroner.   

Alle tildelingar blir offentleggjort på Møre og Romsdal fylkeskommune si nettside. 

NB! Ein kan ikkje søkje om kompensasjon for tapte sponsorinntekt.

Kven kan søke? 

  • Arrangørar innanfor idrett, kultur og frivilligheit i Møre og Romsdal, registrert i Enhetsregisteret eller Frivilligregisteret før 12. mars 2020 

Kva kan ein søke støtte til?  

  • Arrangement som var planlagt arrangert i Møre og Romsdal i perioden 07.05.-15.06.20  
  • Arrangement som ville ha vore ope for allment publikum 
  • Netto tapt billettinntekt og netto tapt deltakaravgift som følgja av at arrangementet vart avlyst eller utsett 
  • Meirutgifter som følgja av at arrangementet vart avlyst eller utsett  
  • Dokumenterte innkjøp av mat og alkoholfri drikke 

Her finn du meir informasjon om korleis du søker og kva som er vilkåra for å motta kompensasjon.

Fristen for å søke er 15. juni 2020.

Kompensasjonsordning for tapte leigeinntekter for frivillige lag og organisasjonar som eig og driv bygg og anlegg

Ordninga er meint å kompensere for bortfall av leigeinntekter for frivillige organisasjonar innan kultur og idrett som eig og driv bygg eller anlegg i Møre og Romsdal som følgje av pålegg eller råd gitt av myndigheitene i samband med COVID-19-utbrotet.  

Ordninga gjeld for perioden 12. mars til 15. juni 2020.

Kven kan søke?  

  • Frivillige organisasjonar innan idrett og kultur i Møre og Romsdal som eig og driv lokale bygg eller anlegg for idrett og fysisk aktivitet i Møre og Romsdal  
  • Frivillige organisasjonar innan idrett og kultur som var registrert i Frivilligregisteret før 12. mars 2020  

Her finn du meir informasjon om korleis du søker og kva som er vilkåra for å motta kompensasjon.

Fristen for å søke er 1. juni 2020.