Strandryddedagen 4. mai

Klikk for stort bilete

Du kan hente strandryddesekkar og registreringsskjema på Herøy rådhus i servicetorget, eller på miljøstasjonene på Mjølstadneset.

Foto: Andrea Sæverud, SSR

Har du lyst til å gjere ein innsats for å rydde i nærmiljøet? Her finn du oppskrifta.

Du kan levere strandryddesekkane gratis på miljøstasjonen på Eggesbønes i opningstida. Om du vil ha henting av strandryddesekkane må dette avtalast direkte med SSR seinast 3. mai. 

Til store ryddeaksjonar kan SSR levere ut container til oppsamling av strandryddesekkar og marint avfall. 

For avtale med SSR, kan du ringe: 70 00 70 50, eller sende e-post: firmapost@reinhaldsverket.no

Innmelde aksjonar i Herøy kommune:

  • Bø og Sande grendalag 28. april.
  • Moltustrandingen på Moltustranda 4. mai.
  • Tjørvåg 27. april

 

Klikk for stort bilete

Foto: Andrea Sæverud, SSR