Studentar i lærarpraksis

Leikanger skule har hatt fire flotte og engasjerte studentar frå Høgskulen i Volda i praksis. Vi gler oss til dei kjem attende etter jul!

Bilete av fire studenar som har lærarpraksis - Klikk for stort bileteStudentar i lærarpraksis Veronika Djupvik

Dette året er Leikanger skule engasjert som praksisskule ved Høgskulen i Volda. Samarbeid med høgskulen kan gi oss ny kompetanse, og det er fint at vi kan bidra med praksisopplæring i lærarutdanninga. Studentane våre har arbeidd mest med grunnleggjande opplæring i 1.-2. klasse. Dei kjem attende og skal ha dei to siste vekene i februar/mars 2023. Dette er ein flott gjeng som bur seg på det viktigaste yrket i framtida!