Styrka livskvalitet med kvardagsrehabilitering

Klikk for stort bileteJohanna Myklebust viser fysioterapeut, Markus Skorpen, kor mykje lettare det har vorte å gjere hagearbeid. Markus er imponert! Iselin Nevstad Øvrelid For få månader sidan var det utfordrande å gjennomføre aktivitetar som mange av oss tek som ei stor sjølvfølgje. Å bake, lage middag, handle på butikken og styre litt i hagen. For Johanna Myklebust vart tilbodet kvardagsrehabilitering redninga hennar. Livskvaliteten er på veg tilbake.

- Det skulle helst gått enda raskare, seier ho i det fysioterapeut Markus Skorpen går igjennom øvingane med henne igjen.

- Kvar morgon håpar eg det at eg skal vere enda litt betre når eg står opp, seier ho med eit smil.

Fekk brot i ryggen

Då Johanna Myklebust var uheldig å gli på soverommet, fall og fekk eit brot i ryggen, vart ho plaga med store smerter, og det førte til at dei små kvardagslege oppgåvene ein til vanleg gjer i løpet av dagen utan å tenkje over det, brått var vanskelege å gjennomføre.

- No er eg veldig glad for at eg tok imot tilbodet om kvardagsrehabilitering etter å ha fått og motteke hjelpa, men det sat langt inne å be om hjelp for meg, seier Johanna Myklebust.

Fokuserer på alt vi kan klare

Mannen hennar, Gunnar, har stått støtt ved hennar side heile vegen, og han er så takksam for oppfølgjinga dei har fått.

- Det var vel noko av det vanskelegaste du har gjort, Johanna. Det å faktisk skulle ta imot hjelp.

Johanna Myklebust nikkar samd.

- Det er ei fryd å sjå henne i gang igjen. Ho har alltid vore ei driftige dame, med matlaging, baking, strikking, stell i hus og heim. Det er mykje meir livsglede no, og saman fokuserer vi på alt vi klarer, i staden for det vi ikkje kan klare, fortel han.

Klikk for stort bileteJohanna Myklebust og ektemannen Gunnar Myklebust har støtta kvarandre heile vegen. Iselin Nevstad Øvrelid Kva er kvardagsrehabilitering?

Teamet bak kvardagsrehabilitering består av ergoterapeut, fysioterapeut og sjukepleiar som på sine unike fagfelt bidrar til å leggje til rette for meistring i eigen kvardag, slik at dei som treng det kan leve eit aktivt og godt liv i fellesskap med andre.

Dei arbeider tett oppimot heimetenesta spesielt, men også omsorgstenesta elles.

- Kvardagsrehabilitering er ein tidsavgrensa, målretta og tverrfagleg innsats som er tilpassa den enkelte sine behov, seier sjukepleiar, Elisabeth Strand Slettestøl.

Tilpassa øvingar og store ambisjonar

For Johanna sin del har det bestått av tilpassa øvingar som skal styrke kroppen, og gjere ho i stad til å gjenoppta kvardagsaktivitetar som er viktig for henne.

- Ein blir redd for å bruke kroppen fordi ein får smerter, men smertene betyr ikkje at ein gjer noko gale. Det er her vi kan kome inn og hjelpe med å leggje til rette for at ein kan nå ambisjonane sine og få ein mindre smertefull kvardag, seier fysioterapeut, Markus Skorpen.

- Då vi starta hadde Johanna fokus på avgrensingar og kva ho ikkje klarte, men det er svært gledeleg at fokuset har snudd. Johanna er ei dame med mange ambisjonar, mål og tek utfordringane, og det er veldig kjekt å sjå utviklinga hennar over desse månadene, legg han til.

Ergoterapeut Kathrine Torvik Eikenæs er heilt samd.

- Vi starta med ein kartleggingssamtale der vi snakka om kva som var viktig for Johanna, og over desse vekene og månedane ho har stått på, har fokuset snudd heilt. No har ho fått trua på at ho kan klare, og verkeleg har fått forhåpningar for framtida, seier ho.

Klikk for stort bileteFysioterapeut, Markus Skorpen, går igjennom øvingane med Johanna. Iselin Nevstad Øvrelid - Ambisjonane mine er å verte kvitt rullatoren slik at klarer å gå sjølv og elles kunne styre med husarbeid, slik eg alltid har gjort. Ja, og ikkje minst halde det ved like då. Eg gjer øvingane mine kvar dag, utanom nokre dagar når det har vore så utruleg varmt og fint ver, seier ho med eit smil.

- Eg angrar absolutt ikkje, og kan absolutt tilrå andre som har liknande utfordringar om å ta kontakt med kvardagsrehabiliterings-teamet. Ikkje vent slik som meg, oppfordrar ho.

Vil du lese meir om tenesta kvardagsrehabilitering, finn du det her.

Sjå video om Johanna Myklebust som har fått god hjelp frå kvardagsrehabiliteringsteamet i Herøy kommune her: