Styrkar legetenesta frå desember

Klikk for stort bileteKristian Gottliebsen er utdanna lege ved Københavns Universitet, turnus og 4 år av spesialutdanninga almen medisin er gjennomført i Kalmar, Sverige Lisa Gottliebsen er utdanna psykolog frå Lunds Universitet, Sverige. Spesialistutdanninga tok ho i Kalmar, Sverige. Privat

 -Frå og med 1. desember i år får vi både ny fastlege og kommunepsykolog i Herøy kommune, og det er vi veldig glade for!

-Vi har prøvd å rekruttere til legetenesta vår i ein nokså skrapa marknad, med andre gangs utlysing og nesten ingen kvalifiserte søkarar. Men så fekk vi faktisk to, eit par. Dette er eit varp! Det seier seksjonsleiar for psykisk helse og rus Svanhild Rise og kommuneoverlege Torill Myklebust.

Det starta med at lege Kristian Gottliebsen søkte på ein fastlegejobb kommunen lyste ut, og når han var til intervju, viste det seg at kona hans er psykolog.

-Og på toppen av det heile var ho akkurat det vi søkte etter, ein psykolog med spesialfelt innan barn! Då fekk vi ho til å søke også. 

Flyttar til Herøy

Legen og psykologen er eit par, som saman med sine to barn på ni og 13 år kjem til å flytte hit til Herøy i vinter.

- Dei var her ei helg og kika seg rundt i området og hadde samtalar med oss, og vi opplevde dei som  veldig kjekke og flotte folk. Dei er mellom anna interesserte i friluftsliv, og har ein bakgrunn innan dans. Begge er meget godt kvalifiserte til jobbane, så det at dei vil flytte hit og jobbe for oss er vi strålande fornøgde med, fortel Rise og Myklebust.  

Eit løft for legetenesta

Kristian Gottliebsen er dansk, og utdanna lege frå Københavns Universitet. Turnus og fire år av spesialistutdanninga i allmennmedisin er gjennomført i Kalmar, Sverige. Han har tidlegare også jobba i Nordfjordeid. Han blir fastlege ved Herøy legesenter, og dei som får han tildelt som fastlege vil bli orientert om dette i god tid.


Vi får eit fagleg betre tilbod

Lisa Gottliebsen er svensk, og er utdanna psykolog frå Lunds Universitet, Sverige. Spesialistutdanning tok ho i Kalmar i Sverige. Ho skal jobbe med aldersgruppa 0- 23 år, og vil mellom anna samarbeide med aktuelle tenester som helsestasjon, skule, barnevern og PPT i Herøy kommune. Kommunepsykologen som vi allereie har, skal arbeide med vaksne. Saman blir dette eit bra fagleg bra team som kan jobbe med den generelle psykiske folkehelsa.   

-Det er viktig å kome tidleg på bana med psykolog-hjelp, og vi har mangla eit tilbod retta mot barn. Vi har ikkje vore godt nok rusta i kommunen til å imøtekome dei nye nasjonale føringar, som mellom anna legg stor vekt på at det er viktig å få hjelp i ung alder slik at utfordringar ikkje utviklar seg, fortel Rise og Myklebust, som no gler seg både til å få nye kollegaer, og å kunne tilby innbyggarane i Herøy ei styrka legeteneste.