Svar sikkert med eDialog!

Adobestock No kan du svare på brev frå Herøy kommune med eDialog, eller når du vil ta kontakt med oss på ein sikker og trygg måte sjølv om du ikkje har fått eit brev frå oss først.

Herøy kommune sender brev trygt og sikkert til di digitale postboks (Altinn, Digipost eller e-boks).

Frå og med 13.01.21 har du no høve til å svare på desse breva ved å klikke på lenkja «Svar på denne forsendelsen».

 

 

 

 

 

 

Då kjem det opp eit vindauge for eDialog der du kan skrive inn ei melding og legge ved vedlegg.

Brevet kjem då kjapt og sikkert fram til rett sakshandsamar i kommunen.

Ønskjer du å sende sikker post til Herøy kommune utan ei tilhøyrande sak? Dette gjer du også ved å bruke eDialog.

Vi oppmodar om å ikkje sende sensitiv informasjon på e-post.